– Det blir eit svært tøft år å rykkje opp. Det mange gode klubbar igjen, seier Tore André Flo om årets OBOS-ligasesong.

Med storklubbar som Brann og Stabæk nede, så vel som dei gamle storheitane Fredrikstad og (om ein dreg på det) Start - må Flo sitt mannskap truleg prestere over emne dersom dei skal hengje med i toppen denne sesongen.

No er terminlista for OBOS-ligaen klar, og allereie i 4. serierunde møter dei Brann borte.