Gjennom sommaren vil fylkeskommunen jobbe med fjellsikring langs fylkesveg 53 Bogaviki, mellom Årdalstangen og Naddvik.

Det vert difor vegstenging på dagtid. Arbeidet startar allereie 21. mai, truleg med vegstenging frå 22. mai.

Arbeidstida vil verte mellom klokka 07:00 og 19:00, hovudsakleg frå måndag til torsdag med gjennomkøyring på rutetidene til bussane.

– Det er fare for nedfall i vegen under arbeidet, og det må gjerast no på sommaren når det ikkje er fare for frost, skriv fylkeskommunen.