Eit raudt farevarsel for ekstremt kraftige vindkast er sendt ut for nokre av kystkommunane nord for Sognefjorden.

Farevarselet gjeld hovudsakleg for delar av Nordfjord, Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland – men også i Sogn kan ein merke sterke vindkast onsdag kveld og natt til torsdag.

Ekstremvêret Ingunn kjem inn i Norskehavet onsdag kveld og vil i løpet av torsdagen kunne blåse seg opp til orkan på kysten.

Utover torsdagen går vinden på nordvest og minkar gradvis, fyrst i sør.

På kysten er det venta vindkast på 40–50 m/s. Mens i indre strøk er det venta lokalt vindkast på 30–35 m/s opplyser Meteorologisk institutt.

– Ekstremvêr blir det ikkje, men de i Sogn slepp ikkje unna. De vil nok merke vinden godt.

Det seier vakthavande meteorolog Håkon Mjeldstad til Porten onsdag føremiddag.

For Sogn er farevarselet på gult nivå, samstundes er det også orange farevarsel for snøskred i fjella.

– De har ein del snø i vente og det vil bli vêrhardt i fjella i dag og i morgon. Ein skal time det veldig godt skal ein kome seg over fjellet.

I løpet av ettermiddagen vil vêret bli av den meir ruskete sorten.

– Mest truleg vert det rolegare i løpet av torsdagen, men så vert det jo alltid sist roleg i fjella.

Etter torsdagen vil det verte rolegare, men ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det kan kome noko nytt til helga.