Det gjekk hardt for seg ved Fjøra i Sogndal laurdag kveld. Kvelden endte nemleg med slagsmål mellom to menn ved Meieriet og Coop.

I følgje konstituert politistasjonssjef Jorunn Furuheim vart det fyrst meldt om ti involverte, men det har vist seg å ikkje stemma.

– Når det er mange folk ute så trekke ein seg gjerne til der ting skjer. Om det var ti involverte det ser det ikkje ut til.

Politiet har oppretta kroppsskadesak etter hendinga, og har ettersøkt gjennom helga.

Bilete eller video

No ber dei publikum melde seg til politiet om dei var på staden denne kvelden.

– Me ynskjer at at dei som var på staden, som eventuelt sit på bilete eller video, melder seg til politiet.

Politiet vil gjera vitneavhøyr fortløpande.