Sogndal Fotball og Kjelsås IL Fotball er samde om ein overgang for Erik Emmanuel Longe Grønner (f. 18/2 2001). Osloguten har skrive ein kontrakt som gjer han til Sogndalspelar ut sesongen 2024. Det skriv Sogndal Fotball på deira heimesider.

Grønner har vore på prøvespel i to periodar og førre veke kunne Porten melde om at Sogndal var i dialog med Kjelsås for å forsøkje å hente spelaren.

Grønner scora i fjor tre mål på 20 kampar i postnordligaen for Bærum, då han var på utlån der frå Kjelsås.

Vil utvikle seg

Grønner har allereie fått gode skussmål både frå Håvard Flo, og trenar Tore André som omtalar spelaren som ein spanande spisstype men også eit utviklingsprosjekt.

Sjølv fortel Grønner til Sogndalfotball.no at han er svært nøgd med å ha skrive under for dei svarte og kvite.

- Eg er veldig glad for å vera her. Det var eit lett val for meg å ta då Sogndal kom på bana, då eg veit at eg her kan utvikla meg vidare, seier spissen som legg til at det blir spennande å få jobba med trenar Tore André Flo, seier han til klubben.