Laurdag ettermiddag melder Vest politidistrikt at ein person er teken av eit mindre snøskred ved Midtre Ringstind i Hurrungane.

Dei opplyser om at personen ikkje er skada, og det er ingen andre som er sakna etter skredet.

Personen var med eit følgje av fleire skiløparar og guidar. Dei tek seg ned av fjellet på eigahand.