Laurdag 1. oktober.

Klokka er rundt 13, og eg vil som vanleg ut på tur. Haustvéret har meldt sin ankomst, og det er grått og regn i lufta ute. Likevel vågar eg meg ut sidan regnet som er meldt, ikkje er komme. Det er tross alt haust, og dei fine haustfargane forsvinner fort igjen.

I dag tenker eg at turen går til Løst, ein tur eg er kjend med i tilfelle véret skulle snu heilt.

Eg set meg i bilen og køyrer til parkeringa ved Brennborg, mellom Øvre og Tangen. Det står allereie ein bil der, så eg er ikkje aleine her oppe.

BRENNBORG: Dette er utgangspunktet for fleire turar. Foto: Kristine Haglund

Eg startar her, og føl stien heile vegen opp til Skåltrokle. Det er blautt og litt glatt på steinane i stien, så eg tek det roleg oppover. Etter ein god og bratt stigning oppover, møter eg på første vegskillet. Her går eg vidare oppover, og følg stien mot "Eldegardsrunden om Skåltrokle".

GODT MERKA: Dei ulike turane her oppe er godt merka med både skilt og rød prikk Foto: Kristine Haglund

Jo lengre opp eg kjem, jo meir haustfarger blir det. Det er skikkelig fint å vere ute no, tykkjer eg. Eg ser til og med sola skin litt gjennom skyene.

Etter eit lite stykke, kjem eg til eit nytt kryss. Her kan eg velje om eg vil fortsetta på Eldegardsrunden, om eg vil gå mot Kvennli og Onsete, eller Løst og Melsete.

VEGSKILLE: Det er mange vegar til Rom. Foto: Kristine Haglund

Etter som planen min er å gå til Løst i dag, så går eg vidare i den retningen. Stien er godt merka med raude prikkar heile vegen. Eg trakkar meg oppover stien, og innover her er det berre å nyte hausten.

Etter ei stund kjem eg endeleg fram til Løst. Her står det noko sel, både falleferdige og vedlikeholdte. Eg ser til og med at det kjem røyk frå eine pipa, og at det er folk i eine selet. Det er fredeleg og stilt her oppe, ingen vind, kun synet av det bratte fjellsida, fossen og lyden av elva som susar forbi nedi her.

Menst eg står her og ser at véret har holdt seg ganske bra, bestem eg meg for å gå om Onsete ned igjen. Litt rusten i hukommelsen om kor stien til Onsete gjekk, får eg auga på eit skilt som heng på treet på andre sida av åkeren.

Her i frå tek eg meg vidare til Onsete, og fra skiltet er stien godt merka med raude prikkar bortover.

SKILT: Det er nesten umulig å gå feil her oppe. Foto: Kristine Haglund

Det er ikkje mange høgdemeterane i skilnad mellom Løst og Onsete, så turen går ganske radigt gjennom skogen. No kjem soli enda litt meir fram mellom skyene, og det er ganske fint å gå. Litt blautt i stien, og eg må kryssa ein liten bekk på vegen.

Vel framme på Onsete, tar eg ein liten stopp for å skrive meg i boka. Det er eit sel her, og området er ganske ope. Eg føl stien vidare bortover, og siktar meg ned igjen til Skåltrokle. Håpar véret held seg heile vegen ned igjen til bilen.

Foto: Kristine Haglund

Frå Onsete til Skåltrokle går det radigt nedover, eg passar meg litt for å ikkje gli i den blaute stien. Stien er godt merka og skilta i alle kryss. Herfra kan ein blant anna gå vidare til Kvennli og Vardenosi, men det får bli ein anna dag.

Vel nede igjen på Skåltrokle, har fortsatt ikkje regnet komme. Så eg bestem meg for å fullføre Eldegardsrunden og når eg først er her, og går om Eldegarden ned igjen til bilen.

Foto: Kristine Haglund

Når eg kjem tilbake til bilen, byrjar regndropane så smått å komme. Eg avsluttar Stravaen, og ser dette vart ein fin runde. 7,5 km og 550 høgdemeter har eg lagt bak meg i dag.

God ettermiddag!