Det er komme melding om veldig glatte køyreforhold på vestsida av riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Det er underkjølt regn, og entreprenør er varsla.

– Det er fare for at det er glatt på alle fjellovergangane i dette vêret, og anbefalingen er å køyre med vinterdekk i tillegg til å køyre forsiktig, seier Tor Evens hjå Vegtrafikksentralen.