Torsdag morgon fekk Laila Eide seg eit uvanleg syn på jobb for heimehjelpa på Tangen. Det brukaren meinte var ei uvanleg stor kråke, er Eide overtydd om var ei papegøye.

Og ho verkar å ha det faglege grunnlaget på si side.

– Eg har hatt to slike papegøyar sjølv, så eg er heilt sikker altså.

Fekk ikkje teke bilete

Før Eide rakk å riste av seg det verste sjokket, og fekk teke bilete at den eksotiske fuglen, flaksa den av garde. Då vart ho endå meir sikker.

– Den hadde lyse ringar rundt auga, og mønster i halsen, og når den flaug var det ikkje som ein vanleg fugl. Det var slappare.

For ei tid tilbake sidan meiner ho å høyrt om nokon som sakna ein papegøye på Tangen. Om dette stemmer, så trur ho det kan vere den ho såg. Fuglane skal nemleg vere ganske så hardføre, og ha gode sjansar for å overleve.

– Når me budde i blokkene var det nokon som hadde ein papegøye som rømde der. Den sat ute i skogen i over ei veke, men den var så fæl å prate at me høyrde den på lang veg. Og ein gong var det nokon som sakna ein undulat på Tangen, den vart funnen att i Øvre.

Håpar nokon saknar den

No håpar Eide at nokon melder papegøyen sin sakna slik at den kan kome til rette att.

– Eg gjekk på tur med hunden i stad og gjekk meg nesten på lyktestolpane altså. Eg går berre og kikar etter denne papegøyen heile tida. Heile dagen min har blitt heilt forstyrra av det her.

– Håpar verkeleg at nokon melder den sakna, folk kan jo tru det har «tørna» heilt for meg om ikkje.