Det har gått eit steinsprang på Fv. 53 mellom Årdalstangen og Naddvik, det melder Vegtrafikksentralen Vest på Twitter klokka 07:41.

Steinspranget fører til redusert framkommelegheit på staden. Entreprenør er på veg for å rydda.

Klokka 09:42 opplyster Vegtrafikksentralen om at vegen er rydda og open for fri ferdsel.