Trond Akre, politikontakt i Årdal, kan fortelje at UP no omsider er på plass igjen i Sogn.

– Me treng at nokon er dedikerte i trafikken, det trur eg er bra. Det må vere ein viss sjanse for å bli tatt for at folk skal bry seg.

UP har våre vekke i fleire år, og dei har vore sakna.

Ein sjåfør gav utslag på kokain

UP starta fredag ettermiddag med laserkontroll på Tønjum i Lærdal.

– Det resulterte i 7 forenkla førelegg og ein politimelding.

Høgaste fart vart målt til 82 km/t i 60 sone.

Seinare på kvelden reiste dei vidare til Fjærland og Solvorn for promillekontroll, ingen av dei stoppa sjåførane gav utslag.

Laurdag tok UP turen til Leikanger, der dei hadde snittmåling på fart.

– Her vart ein bil stoppa for å ha ein snittfart på 82 km/t i 60 sone. Sjåføren fekk eit forenkla førelegg.

Søndag hadde dei fartskontroll på Leikanger og i Sogndalsdalen.

– 4 sjåførar vart hanka inn på Leikanger, og 2 i Sogndalsdalen. Alle fekk forenkla førelegg.

Søndag kveld stilte UP seg opp på Helgheim i Sogndal for promillekontroll. Her vart heile 52 førarar stoppa, men ingen gav utslag på promille.

– Men det var ein mann i 20-åra som gav utslag på kokain. Han vart fråteken førarkortet og tatt vidare med til blodprøve. Resultatet her får vise om det er grunnlag for å ta eller behalde førarkortet.

– Så UP er verkeleg tilbake for fullt no?

– Det er dei, og UP held kontrollen. Både i Indre og Midtre Sogn.

Roleg helg for politiet

Laurdag kveld tok patruljen i Sogndal ein tur innom eit rusfritt ungdomsarrangement på Leikanger.

– Det var 20–30 ungdommar innom, og god stemning.

Laurdag kveld hadde mange ungdommar samla seg på skysstasjonen i Sogndal.

– Det var ein overstadig berusa tenåring der som ikkje klarte ta vare på seg sjølv, og vedkomane vart henta av foresette.

Ungdomane skulle ta bussen.

– Dei kom seg på bussen etter kvart.

Det vart og oppdaga ein knust spegel på handikapptoalettet, men det er uvisst om det er ungdomane eller nokon andre som har knust det.

Stor snøskredfare

Det har våre stor snøskredfare gjennom heile helga grunna varmegrader og regn.

– Det har jo våre oransje farevarsel gjennom heile helga, og da er det skummelt å ferdast i fjellet.

Akre fortset:

– Men folk har med tida blitt mykje flinkare til å sjekke farevarsel før dei ferdast i fjellet. Så det har ikkje kome nokon melding om utløyste snøskred.