Grete Rusten

Det er prisverdig at Hydro har som ambisjon å drive med utstrekt aluminiumgjenvinning, ein prosess som samanlikna med framstilling av råaluminium frå bauxitt fører til langt mindre energibruk og utslepp.

Mykje aluminium blir på den måten beheldt i produksjonssystema i Europa, noko som både vil redusere avfallsmengdene, og telje positivt i forhold til forsyningssikkerheit.

Vinninga om å vere mest mogleg miljøvenleg går likevel opp i spinninga viss denne satsinga fører til store naturinngrep i form av eit stort vindparkanlegg i Sletterust-området som er planlagt.

Dette vert planlagt trass i at FNs naturpanel melder at verdas natur aldri har vore så truga som den er i dag på grunn av menneskelege aktivitetar. På bakgrunn i denne dystre situasjonen vart det i 2020 forma ein internasjonal konvensjon om biologisk mangfald som pålegg alle medlemsland å jobbe for sikre jordas naturmangfald, og Noreg har skrive under.

Hydro og Årdal kommune synest likevel at eit slikt omfattande inngrep med satsing på vindkraft i fjellheimen kan vere greitt så lenge det er dei sjølv og ikkje Fred. Olsen Renewables som har handa på rattet. Jaktfalken, rypene, trekkfuglane og reinsdyra deler nok ikkje denne entusiasmen når vegar master og gigantturbinar kjem på plass.

Me og framtidige generasjonar må kanskje nøye oss med Johannes Flintoe sitt bilete frå Jotunheimen og Hurrungane på Nasjonalmuseet om me skal få oppleve fjellet utan denne industriparken. Et slikt inngrep kler rett og slett ikkje Noregs industrielle flaggskip i det grøne skiftet. Her har dei latt vere å regne inn uerstatteleg natur i sine ambisiøse grøne satsingar. Det heile er berre rett og slett trist. Viss dei ikkje snur da.