– Me leiger rekkjehus framme i Dalen no, og betalar det same i leige som me betalte for berre straumen der me budde før, seier Marius Nordli Hestetun (29).

Hestetun er fødd og oppvaksen i Årdal, og 12. september i år flytta han heim igjen saman med den nybakte familien. Familien budde utanfor Ski og valet sto mellom Sverige, der sambuaren kjem frå, og Årdal.

Valet det gjekk tilslutt på heimbygda til Hestetun.

– Så no leiger me, men mer er på utkik etter hus. Det gjeld å ha litt is i magen før det rette huset dukkar opp. Det er jo så mykje rimelegare å bu her, det er ei heilt anna verd her inne.

Ville kome nærmare familie

– Kva var det som gjorde at de valte å flytte heim?

– Jenta vår på to år var grunn nok til å flytte heim. Me har snakka om Sverige, men der har me ikkje like stor familie og arbeidsmarknaden er begrensa. Derfor falt valet på Årdal der eg har storfamilie, og dotter vår får kontakt med både besteforeldre og oldeforeldre.

NØGD: Marius Nordli Hestetun er veldig glad for at han fekk med seg familien tilbake til bygda. Foto: Privat

– Hadde sambuaren din vore mykje i Årdal frå før, sidan du fekk ho med deg heim?

– Ho hadde berre vore her nokre få gangar, så det var eit vanskeleg val. Men så er det stor forskjell på løn i Sverige og Noreg, og eg fekk ei stilling på Hydro. Du kan sei at me vann!

På Austlandet hadde Hestetun stilling som vedlikehaldsleiar. No er han tilbake på skift på Hydro og seier at han var heldig som fekk jobben, for det var mange om beinet.

– Frua er og heldig, ho har nettopp starta som driftskoordinator på Montèr.

Nokre månader etter at familien flytta til bygda, har begge to fått fulle stillingar, og dottera har fått plass i barnehage.

– Alle dei viktige brikkene er på plass med andre ord?

– Ja, alt er på stell no, me manglar berre hus. Me selde nettopp huset vårt utanfor

Ski.

Meir tid på bygda

Sjølv om familien ikkje har budd så mange månader i Årdal, så kjenner dei allereie på at dei har fått meir tid til det sosiale og familien. Dei kan og ta betre vare på helse og bruke tid på velvære. Før gjekk mykje av tida berre til å reise mellom heim og jobb.

– Me har meir overskot no, også har me besteforeldre og oldeforeldre som stiller opp. Me har ein stor familie rundt oss.

Hestetun seier at familien vart veldig glade då dei meldte at dei skulle flytte heim igjen med barnebarnet.

– Ho vart fødd under pandemien og dei fekk jo ikkje besøkt ho før ho var fylt året. Det er ikkje det same å sjå kvarandre på FaceTime. Det var ikkje enkelt.

Men no er kvardagen enklare fortel han, for avstandane er korte og nettverket er der frå tidlegare:

– Gode vener mistar ein aldri. Det er nesten uvant å reise på butikken, for eg kjenner alltid nokon og det er deilig at ein alltid har folk rundt seg.

Venskap gjennom jobb

– Korleis har det vore for kona di som ikkje har vakse opp i Årdal?

– Kona mi jobbar i ei familiebedrift som har teke ho godt i mot. Ho byggjer no vennskap gjennom jobben. Også er ho på Årdal gym, og det er sosialt med gruppetimar.

Hestetun fortel at han allereie då han tok utdanning som automatikar, hadde heimbygda i tankane. Han reiste austover for å byggje ein leiarkompetanse, og for å få nye inntrykk og erfaringar som han kunne ta med seg heim. Planen var å kunne bistå og hjelpe til heime.

– Har planen lukkast?

– Ja, den har fungert. Eg har fått mykje kunnskap som eg tek med meg heim.

At valet fall på Hydro var ikkje tilfeldig.

– Eg ville tilbake til Hydro, eg er ein Hydromann rett gjennom, og no ser eg ting på ein anna måte.

Vil bu her heile livet

Hestetun opplever at det har vore viktig å kome seg vekk frå bygda for å få nye inntrykk, då verdset ein meir det ein har i bygda:

– Hadde me det faktisk so godt her? No tenkjer eg berre «fy kor godt me har det her på alle måtar».

Avstand ser ikkje familien som noko problem. Dei er vande med å køyre, vil dei ein tur til Austlandet så er det berre å ta turen. No har dei og barnevakt om dei vil gjere noko åleine som vaksne.

– Er det å bu her berre eit stopp på vegen, eller blir de buande?

– Planen er å bu her resten av livet. Ein merkar det fort på kroppen, og finn ein heilt anna ro.