– Andreas har imponert gjennom forsesong og i seriespelet i år, seier Håvard Flo til Sogndal Fotball sine nettsider.

Den høgreiste midtstopparen som mellom anna scora i seriedebuten mot Raufoss 4. april har vore ein viktig brikke i Tore André Flo sitt mannskap hittil i sesongen.

No er kontrakten forlengja fram til 1. august 2025.

Det er spelaren sjølv, som i fjor vart leigd ut til Arendal, tilsynelatande også svært nøgd med.

– Det var godt å få det gjort. Avtalen gir meg tryggleik og det er godt å vere i ein klubb som har trua på meg. Sogndal er ein god plass å vera for vidare utvikling, er noko av det han seier til klubben.