Fredag kveld klokka 22:52 meldte Vegtrafikksentralen Vest om ras over Skjerdalsvegen i Aurland.

Vegen vart stengd, og entreprenør var på staden i dag klokka 09:35.

– No ventar me kun på geolog som skal sjekke fjellsida med drone. Det kom ikkje store mengdane i går, men geolog skal sjekke om det kan kome meir. Så fort me får klarsignar, vil me rydde og opna vegen igjen, seier Marius Næss hjå Vegtrafikksentralen.

Klokka 10:33 melder Vegtrafikksentralen at vegen er rydda og open for fri ferdsel etter mindre steinras.