I ein lengre sak i VG søndag kan du lese om korleis bygdelaget på Veitastrond no har sett seg lei av det dei meiner er eit brot på konsesjonsvilkår for eigen vinning, og for å ha vist grov uaktsemd ved reguleringa av Veitastrondvatnet.

Skuldingar

Sidan 2014 har det vore to større og fleire mindre flaumar i Veitastrond. Før det tidspunktet har bygda sett lite av liknande.

– Flaumproblema skuldast at kraftlaget har sørgja for å ha maksimal høg vasstand i det regulerer vatnet. Kraftlaget har ikkje tatt forholdsreglar ved å tappe ned magasinet når det har vore meldt ekstremnedbør og mild nedbør, seier medlem av bygdelaget Bjørn Skovly til avisa.

Politimeldinga som kom vert sendt vidare til NVE som skal sjå nærare på forholdet seier politiadvokat Kjetil Linge Tomren i Vest politidistrikt til VG. Det betyr i praksis at politimeldinga vert lagt til sides.

– Det er skuffande at politiet kan oversjå offera i saka. No må me vurdere saka vidare, seier Skovly.

Svarar

Konsernsjef Terje Bakke Nævdal i Sognekraft seier til avisa at dei har gjort alt i sin makt for å unngå flom-situasjonar.

– Årsaka til dei stadig hyppigare flaumsituasjonane i Årøyvassdraget, som diverre går ut over innbyggjarane på Veitastrond, er stadig hyppigare ekstremvêr-situasjonar i form av ekstrem nedbør og/eller ekstrem varme som fører til snø- og issmelting, særleg då kombinasjonen av desse.

Han legg ved at endringar i samband med målingar skuldast ein gamal målestav som har vist feil vasstand i høve dei digitale og korrekte måla.

Meir frå saka kan du lese i VG i dag.