I jobben som journalist er det nokre menneskemøte som set seg djupare enn andre. Møtet med Bjarne Rasmussen hausten 2023 er eit av dei sterkaste.

Eg hadde fått tips hjå ei dame som kjende til historia hans. Ho meinte den var verd å hente fram igjen. Eg kom i kontakt med Bjarne, men han var litt usikker på om han hadde krefter til eit møte, men då eg nemnde kven eg var og opphavet mitt, så var interessa sådd.

Bjarne kjende faren min, Odd Vee. Han ville gjerne dele med meg nokre minne frå møta med han. Ikkje veit eg om han skjønte at dette ville gjere meg godt, men i ettertid har eg skjønt at jo, det visste han.

Bjarne såg menneske. Han sa til meg: «Eg er litt spesiell. Eg føler meg i familie med alle.»

Dette forklarte han med at han vart så godt motteken då han kom til Solvorn under krigen. Sjølv om han aldri gløymer at mora hans måtte vinke farvel til han og storebroren hans då dei reiste med båt frå Bergen, og at dei vart skilde då dei kom til Solvorn, så var han takksam for den varmen og kjærleiken han fekk i oppveksten der.

Med Bjarne kunne ein òg snakke om dei krevjande sidene ved livet og sinnet. Det var som om han såg rett gjennom meg og me forstod kvarandre. Han hadde opplevd tap og stor sorg, fleire gonger i livet, men han såg all varmen og kjærleiken han hadde rundt seg òg.

Likevel kunne han kjenne på at det var for vanskeleg å leve. Kjensleregisteret var stort. Dette delte me og det er godt å snakke med nokon om så vanskelege kjensler, som òg vekkjer mykje skam. Kjensler ein må leve med, når ein òg lett kan kjenne på glede og kjærleik.

Menneske og menneskemøte var det som betydde mest for Bjarne. Men han var òg sterkt engasjert i jobben sin på Årdal aluminiumsverk og vart fleire gonger lønna for sitt kreative sinn.

Då han etablerte si eiga bedrift, Årdal Plast, tok imot han hyllest frå fleire aktørar i bygda og dette var han stolt av. Han var ekstra glad for at bedrifta kunne leve vidare i ungane sine hender.

Til Bjarne

Livet gjekk ikkje alltid på skin og tapet av nære familiemedlemar gjekk sterkt inn på deg. Du klarte likevel å hente fram dei gode minna og historiene, og du var svært stolt av familien din.

Nokre dagar før du valde å stoppe livet, snakka me saman. Du ringde meg og eg hadde deg lagra på telefonen, så eg såg kven som ringde.

Du var så takksam for at eg svara deg og du spurte med ein gong korleis eg hadde det. Me hadde ikkje hatt kontakt sidan jul, då eg sende julehelsing til deg og eldste dottera di.

Då fekk eg eit artig bilete tilbake av deg i grøn juletrehatt med glimt i auga.

Tårene kom både når du smilte og gret. Eg kjem aldri til å gløyme det varme blikket ditt og det lune smilet. Du ville andre godt.

No var det akkurat som om du kjende på at eg har ein krevjande periode i livet og me møttest igjen i det å sjå kvarandre. Det livet handlar om, at me bryr oss om og ser.

Me vart litt gråtkvelte begge to, men avtalen var at eg skulle kome og drikke kaffi med deg i huset i Solvorn no når våren endeleg kom.

Eg kjende meg rik etter samtalen, for eg har tenkt på deg sidan jul og du var ein eg ville besøke når overskotet kom tilbake. Og så ringer du meg og bryr deg om meg, sjølv om du hadde meir enn nok med ditt eige.

Når eg forstod at du var død, kjende eg på ein uendeleg sorg over å ikkje skulle få møte deg igjen. Eg kjende òg på ein frykt over dette vanskelege som livet kan vere. Det å ikkje ville gå vidare. Me tek val kvar dag og me gjer så godt me kan alle saman. Og du kjempa Bjarne, det veit eg.

Varmen du gav er med vidare og gjev trøyst og mot.

Takk Bjarne for den du var og for at du gav meg større forståing i kva livet handlar om og ikkje minst større kunnskap om meg sjølv og menneskesinnet.

Eg håpar du har ro no og at du får tilbake noko av den varmen du har gjeve til dei menneska du har møtt på vegen. Alle dei du kjende deg i familie med og dei kjære du har mista i nær familie som du var så stolt av og glad i.

Din ven Kristin