Årdal kommune

Årdalstangen går startskotet for nasjonaldagen klokka 08:00, då med ein salutt av Torstein og Olav Birger Hæreid. Til same tid vil det også vera flaggheising og musikk av Årdalstangen musikklag.

Klokka 09:30 er det gudsteneste i kyrkjelydshuset med Olav Nese, og klokka 10:30 spelar Årdalstangen musikklag ved Årdal sjukeheim.

Deretter går barnetoget/folketoget av stad klokka 11:00 frå Rema 1000. Det vil vera stopp ved bautaen ved kyrkja, med blomepålegging og tale. Deretter vil det gå til Tangen skule- og fritidspark. Her vil det vera leikar for borna frå klokka 12:00.

Frå klokka 11:00 til 15:00 vil det vera open kafé og kiosk i Tangenhallen. Her kan ein finna både loddsal og tippekonkurransar.

Klokka 12:30 startar programmet i Tangenhallen. Det vil vera fleire musikkinnslag i tillegg til talar, både frå ordførar og frå representantar frå årets russ. I tillegg vil det verta trekning i 17. mai – lotteriet.

Klokka 16:00 spelar Årdalstangen musikklag ved Seimsdalen sjukeheim, og klokka 17:00 avsluttast dagens program med gratis kino på Årdalstangen. Filmen heiter «Superkompisene».

Foto: Lasse Styve Andersen / Arkiv

I Øvre Årdal ser programmet slik ut:

Dagen startar 07:00 med salutt, også her fråTorstein og Olav Birger Hæreid.

Klokka 08:00 vert det flaggheising på Torget. Her vil Live Eldegard og Emma Rezi Hansen frå Farnes Skulemusikk bidra med fanfare.

Klokka 10:30 er det klart for gudsteneste i Farnes kyrkje ved Olav Nese.

Deretter er det tid for program ved Gamleskulen med årets konferansier, Line Hillestad. Det går i gang klokka 11:30. Her vert det både musikkinnslag, talar og diktlesing.

Klokka 12:00 går folketoget følgande rute: Farnesvegen – Storevegen – Flotavegen – Storevegen – Jotun Stadion. Det vert stopp utanfor Årdal bu- og omsorgssenter, og Farnes Skulemusikk spelar i toget.

Klokka 13:00 vert det leikar på Jotun Stadion, med premie til alle deltakarar, og klokka 13:30 er det programstart i Årdalshallen. Line Hillestad er framleis konferansier. Her vil det vera kulturinnslag og talar, både frå ordføraren og representantar frå årets russekull.

Frå 12:00 – 16:00 vert det også kafé i Årdalshallen, i tillegg til loddsal og tippekonkurranse.

Klokka 17:00 er det som nemnd gratis kino på Årdalstangen.

Luster kommune

I Luster kommune ser programmet for dei ulike bygdene slik ut:

I Gaupne startar nasjonaldagen med flaggheising klokka 08:00. Deretter er det festgudsteneste i Gaupne kyrkje klokka 11:30.

Klokka 12:30 går folketoget frå kyrkja til idrettshallen, og klokka 14:00 er det program i nemnde idrettshall. Programmet inneheld korpsmusikk og allsong, song av skuleungane ved Gaupne skule, tale ved 6. klasse, musikkinnslag av folkegruppa frå Ukraina og premieutdeling.

Under heile arrangementet vil det vera leikar for borna og sal av mat.

Foto: Lasse Styve Andersen / Arkiv

I Luster startar dagen klokka 12:00 med festgudsteneste i Dale kyrkje.

Klokka 12:45 går folketoget frå kyrkja, og klokka 13:30 er det klart for diverse aktivitetar på skuleplassen.

Klokka 14:30 vil det vera tale ved 7. trinn, før det vert premieutdeling klokka 16:00.

I Jostedalen byrjar gudstenesta i Jostedal kyrkje klokka 10:00. Klokka 11:00 går toget frå kyrkja.

Klokka 12:30 vert det program frå scena i samfunnshuset. Korpset står for musikken, medan oppvekstsenteret står bak resten av underhaldninga.

Det vert sal av mat og drikke undervegs.

Foto: Lasse Styve Andersen / Arkiv

Indre Hafslo går toget frå skulen klokka 10:15. Klokka 11:00 vert korpset med frå Lambhaug til skulen, og det vert song frå ungar ved barnehagen og skulen.

Klokka 12:00 startar leikane for barna. Det vert både natursti og lynlotteri, i tillegg til sal av mat og drikke.

Klokka 13:00 held Bård Valle ei preik, og klokka 13:45 kjem talen for dagen, i år av Kjetil Melheim.

Klokka 14:15 vert det fotballkamp, 7. klasse mot Indre Hafslo Sankelag.

Foto: Tobias Lucey / Arkiv

Hafslo byrjar programmet på Hafslo omsorgssenter klokka 11:00. Toget stiller opp utanfor omsorgssenteret klokka 11:15, og går mot kyrkja klokka 11:30.

Klokka 12:00 vert det program ved bautaen på kyrkjegarden, før toget går vidare til skulen klokka 12:20.

Klokka 13:00 byrjar programmet ved skulen. Dit kjem både korpset og Hafslo songlag, og det vert fellessong. Talen for dagen vert halden av Kjetil Hovland.

Det vil vera sal av mat, i tillegg til leikar, lynlotteri og lykkehjul.

Veitastrond vert det tradisjonell nasjonaldagsfeiring på skulen.

Toget går frå Nes klokka 12:00. Det vert sal av mat og kaker, tale og leikar for alle.

Sogndal kommune

I Sogndal går programmet frå morgon til kveld.

Det startar med salutt klokka 07:00, før det vert blomenedlegging ved Loftesnes ved Rune Haug klokka 08:30.

Klokka 08:45 er det markering ved minnesteinen på Almenningen ved Inger Pedersen og Sogndal Skyttarlag. Her spelar også Musikklaget.

Klokka 09:20 er det ny blomenedlegging, no ved bautasteinen ved Stedje, ved Marta Fimreite.

Klokka 09:30 er det festgudsteneste i Stedje kyrkje ved Astrid Bondevik.

Klokka 10:15 er det tid for oppstilling av barnetog ved Sjøkanten, før toget går klokka 10:45. Det følgjer følgande rute: Stedjevegen – Ålkrysset – Almenningen – Fjørevegen – til venstre ved Meieriet – Gravensteinsgata – rundkøyringa ved Billaget – Sogndal helse- og omsorgssenter – Trudvang skule.

Klokka 11:00 startar kiosksalet ved endestoppet på Trudvang skule, før programmet tek til klokka 11:30. Det vert både leikar og kiosksal, tale ved ordførar og 10. klasse og kulturinnslag.

Klokka 14:30 er det tid for oppstilling for folketoget i Parkvegen, og toget går klokka 15:00. Det startar ved Almenningen og følgjer denne ruta, som førvrig er ny og kan vera grei å merka seg: Mot Fossetunet – Fjørevegen – venstre ved Meieriet – Gravensteinsgata – rundkøyringa ved Billaget – Sogndal helse- og omsorgssenter – Skulevegen – Leighgota – Gravensteinsgata – til høgre ved Politihuset – Parkvegen – Sentrumsparken.

Ved endestoppet vert det program frå 16:00. Tale ved ordførar og russepresidentar, kiosk og leikar for born og vaksne.

19:00 er det gratis pølser og pizza for alle ungdommar i SIM-huset på Granden

Foto: Tobias Lucey / Arkiv

Neste bygd er Balestrand. Her går toget klokka 09:30 frå Dragsvik til Tjugum kyrkje. Der vert det familiegudsteneste klokka 10:00.

Klokka 11:30 går det tog frå Holmen til Balahaugen, og klokka 12:00 vert det tale ved Ariana Fjærestad og song av Balestrand Songlag her. Deretter går toget vidare til Belehalli.

Songlaget stoppar ved Helsetunet for å overrekka blomehelsing.

I hallen vert det underhaldning, tale ved russen, uteleik og sal av mat.

Klokka 14:30 er det klart for fotballkamp mellom 10. klasse og Sygnarussen, før det vert 17. mai – fest på Bedehuset klokka 17:00.

Frå 14:00 – 17:00 er det 17. mai-buffè på Kvikne.

Foto: Lasse Styve Andersen / Arkiv

Leikanger startar musikklaget dagen klokka 08:00 ved å spela på fjorden.

Deretter vert det kransenedlegging og minneord ved Knut Henning Grepstad ved kyrkja klokka 10:00. Klokka 10:15 er det festgudsteneste ved sokneprest Vegard Bondevik Lie. Speidarar og konfirmantar deltek.

Klokka 11:15 er det klart for barne- og folketog. Det vert oppstilling på sjøsida av Tinghuset, og toget går via Leikanger sjukeheim til Saften.

11:50 vil det vera markering av dagen ved sjukeheimen. Det vert nasjonalsong, blomehelsing og musikkinnslag.

Klokka 12:00 held toget fram til Saften, før det vert fest for heile bygda på Saften klokka 12:45. Også her vert det musikkinnslag, tale, leikar, konkurransar, loddsal og sal av mat og drikke.

Klokka 15:00 er programmet over.

Foto: Lasse Styve Andersen / Arkiv

Så var det Fjærland. Flaggheising ved bygdehuset er første post og går føre seg klokka 08:00 ved bygdehuset.

Klokka 12:45 er det kransenedlegging på kyrkjegarden, og folketoget startar like etterpå. Ruta til toget går frå kyrkja – Labergneset – Busenteret (her vert det eit kort stopp) – skulen.

13:30 er det sal av mat og drikke på skuleplassen, og 14:45 er det program i gymsalen med tale.

Klokka 15:45 er det leikar for både store og små på skuleplassen.

Dagen vert avslutta med folkefest med både mat og underhaldning i bygdehuset klokka 20:00.

Foto: Inger Helgestad / Arkiv

Kaupanger ser programmet slik ut:

Klokka 08:00 startar Einar Dalaker dagen med salutt. Samstundes heisar speidarane flagget på Kaupanger skule.

Klokka 10:00 spelar Kaupanger skule- og ungdomskorps frå ferjekaien til kyrkja, og 10:45 vert det gudsteneste i kyrkja ved Astrid Bondevik.

Folketoget går i gang 12:00. Det følgjer følgande rute: Kaupangsenteret – Furuvegen – Konvallvegen – barnehagen – skuleplassen. Når toget er komen fram til endestasjonen spelar korpset og det vert allsong til nasjonalsongen.

Klokka 13:00 startar programmet ved skulen. Det vert sal av mat og drikke, i tillegg til både kulturinnslag og talar.

Når klokka slår 14:15 går ein i gang med dagens leikar. Det vert også litt moro for dei vaksne i form av tautrekking.

Foto: Lasse Styve Andersen / Arkiv

Norane er neste bygd ut:

Klokka 11:30 går toget frå Staai til oppvekstsenteret. Det vert eit stopp ved minnesteinen på Store-Kleivi for blomenedlegging.

Klokka 12:00 er det program på oppvekstsenteret med tale ved ordføraren og musikkinnslag. Det vert sal av drikke før programmet, og etter programmet kjem også maten. I tillegg er det leikar for borna på bana.

Foto: Tobias Lucey / Arkiv

Fjordane har følgande program:

09:30 går toget frå rundkøyringa i Dragsvik til Tjugum kyrkje. Her vert det familiegudsteneste klokka 10:00.

Klokka 12:00 er det matservering på Fjordtun, før hesteskokastinga startar 12:30.

Klokka 14:00 går programmet i gang, og det vert allsong, tale og andre kulturinnslag.

I tillegg vil det vera fleire leikar, natursti, kiosk og loddsal.

Lærdal kommune

I Lærdal har ein dei siste åra starta nasjonaldagen med ein salutt klokka 08:00. Den har vorte fyrt av nedanfor Hedlerbrui. I år har kulturavdelinga i kommunen avgjort at det ikkje vert salutt på nasjonaldagen.

Bakgrunnen for avgjersla er både at ein ikkje har nokon til å stå for salutten, og at det for nokre, både fire- og tobeinte, kan vera skremmande. Kommunen understrekar at det er meldt fint vêr, noko som kan føre til mykje fin fuglesong på nasjonaldagen – og oppmodar difor innbyggarane til å høyra seg opp på korleis ulike vårfuglar syng.

Elles er resten av programmet på plass. Det heile tek til klokka 10:00 med musikk på sjukehuset ved Lærdal musikklag.

Klokka 10:30 er det gudsteneste i Hauge kyrkje, før det vert togoppstilling ved Gamlebanken klokka 11:30. Her vil det vera ein kort tale ved ordførar Audun Mo og allsong. Toget har også ein stopp ved Lærdal bu- og omsorgsheim.

Foto: Lasse Styve Andersen / Arkiv

Klokka 12:00 startar arrangementet i Borgund samfunnshus. Der vert det festtale klokka 13:30 og tog klokka 14:00.

Startskotet for arrangementet på Lærdalsøyri skule går ein halvtime seinare, altså 12:30.

Klokka 15:00 vert det bilkortesje frå Lærdalsøyri skule, i regi av Indre Sogn Automobilclub.

Det vil i tillegg vera kransnedlegging ved bautasteinen på Lærdalsøyri og soldatgrava på Borgund.

Aurland kommune

I Aurland startar nasjonaldagen med gudsteneste i Vangen kyrkje klokka 11:30.

Klokka 12:15 går folketoget frå Vangen til Helsetunet saman med Flåm Musikklag og Aurland Spelemannslag. Toget går vidare til festplassen klokka 12:40.

Klokka 13:10 spelar Flåm Musikklag ved festplassen, og seinare vert det både festtale, elevinnslag, leikar, lotteri og sal av mat og drikke.

Vert det fint vêr er festen ute på idrettsbana, men dersom vêret ikkje er på lag, vil ein halda seg inne i Aurlandshallen.

Foto: Tobias Lucey / Arkiv

I Flåm byrjar vert det gudsteneste i Flåm kyrkja klokka 09:30.

Klokka 10:15 er det program ved Sivlesteinen, før folketoget går til Flåm skule klokka 10:30. Då er Flåm Musikklag med.

Klokka 11:30 vert det program ved skulen. Ordførar Kjell Bøe Bjørgum held festtale, og det vert sal av mat og drikke, i tillegg til leikar, åresal og tautrekking.

Foto: Lasse Styve Andersen / Arkiv

I Underdal startar dagen med ein salutt klokka 08.00.

Klokka 11:00 går toget frå parken. Deretter vert det heimelaga betasuppe i ungdomshuset og enkel underhaldning frå klokka 12:00.

Klokka 13:00 er det tid for hesteskokasting og leikar utanfor ungdomshuset, før Flåm Musikklag spelar klokka 14:15.

Klokka 14:30 vert det kaffi og heimelaga kaker.

Gudvangen har også sitt eige program for dagen.