Det er meldt om røykutvikling på Hydro sitt industriområde på Årdalstangen. Det melder Vest politidistrikt klokka 13:23.

Dei opplyser på Twitter at det ikkje er snakk om branntilløp berre røykutvikling. Det er ikkje meldt om skade men det er sett i verk evakuering.

Alarmesentralen opplyser til Porten at det føregår inne på eit gassrenskeanlegg og årsøka er varmeutvikling i isolasjonslaget rundt eit røyr.

Meldinga kom inn klokka 13:13.

Politi og brann er på staden for å undersøkja forholda nærare.