Det er blautt i lufta, og kald trekk i den vesle grenda Erdal I Lærdal. Litt oppe i ein bakke over fjorden er det eit kvitt hus. Inne sit Vitalii Fukalov (62), Silvia Fukalova (46) og den fire år gamle sonen Maksym, saman med resten av familien som har budd i Norge i lenger tid.

Dei siste vekene har dei opplevd ting dei ikkje trudde dei kom til å oppleve.

Den fyrste flyalarmen gjekk midt på natta då krigen i Ukraina braut ut. I heimbyen Tsjernivtsi i sørvestre Ukraina, måtte springe ned i den iskalde kjellaren. Fleire netter tilbragte dei i kjellaren, for å vere i tryggleik for krigen. Dei flykta vekk frå Ukraina, gjennom Romania, Slovakia, Polen og Tyskland.

Og vesle Maksym var redd heile vegen. Han har framleis har frykta i kroppen, sjølv om han no er i tryggleik.

– Guten byrjar å bli litt rolegare no. Då han først kom hit var han heilt håplaus. Då han høyrte fly og bråk, skreik han «fort, alle må i kjellaren å gløyme seg,» seier Natalya Koroleva Tveit, som er søstra til Vitalii Fukalov.

UROLEG: Krigen og flukten har skremt fire år gamle Maksym. No har han det trygt og godt, og blir rolegare etterkvart som dagane går. Her saman med faren Vitalii Fukalov utanfor huset i Erdal. Foto: Liv Einemo Tønjum

Tryggleik i kjellaren

Då krigen braut ut, vart ikkje heimbyen deira Tsjernivtsi i sørvestre Ukraina bomba, men alarmane gjekk likevel. Den intense lyden av flyalarmen skjønte dei først ikkje kva var. Dei har aldri høyrt den på ekte før, berre på film.

Familien sprang ned i den mørke kjellaren under blokka dei budde i. Dei vaksne i bukse, tskjorte og genser, og sonen i ein pysjamas. Det var mørkt, kaldt, og skitent.

– Fireåringen begynte å hoste av den dårlege lufta. Han skreik at han var redd, og fordi det var mørkt.

Til slutt sovna han i den kalde kjellaren. Dagane etterpå var dei oppe i leilegheita på dagtid, og sov i kjellaren. Men etter kvart som alarmen vart oftare, måtte dei halde til meir tid i sikkerheit.

SOVER: Fleire netter vart tilbragt i kjellaren. Den fyrste natta hadde dei kun det dei gjekk i, men etterkvart pakka dei med seg både jakker, sko, huer, og tepper for å halde mest mulig varme gjennom natta. Foto: Privat

Måndagen etter krigen starta, bestemde dei seg for å reise.

– Dei er heldige som har oss, eg sa at dei berre må kome. Men kva skal ein gjere, 45 millionar kan ikkje reise frå landet, seier Natalya Koroleva Tveit.

Held kontakten gjennom heile flukta

Vitalii Fukalov, Silvia Fukalova og sonen starta ferda til Norge. Dei kom seg om bord i ein minibuss som skulle mot Romania. Det er ikkje langt frå heimbyen, men køen var lang. I 15 tima sto dei i kø.

– På grensa var det god hjelp, og dei vart tekne godt i mot av privatfolk som hjelpte. Dei fekk kome inn i eit hus der dei fekk gå på do, fekk servert mat, og alt dei trengte. Og kvile, seier Natalya Koroleva Tveit.

Deretter flykta dei vidare gjennom Slovakia, Polen og Tyskland.

Heime i Norge gjorde Natalya Koroleva Tveit alt ho kunne for å samle inn nok pengar til flybillettar. Sjølv hadde ho sendt av garde store summar til dei to sønene sine som framleis er igjen i Ukraina, for at dei skulle ha råd til mat.

HAR HOLDT KONTAKTEN: Natalya Koroleva Tveit har hatt kontakt med familien sin gjennom heile flukten deira. To av sønene hennar er framleis att i Ukraina, og kjempar for landet sitt. Ho fortel at ein av dei truleg skal til Kyiv for å bidra i dei harde kampane der snart. Foto: Lasse Styve Andersen

Ho får tårer i auga når ho fortel om det.

Privatpersonar og bedrifter engasjerte seg for at familien kom seg til Norge. Ho fikk samla inn pengane, slik at dei kunne avslutte den lange flukta sin i Norge. 5 mars kom dei til Sogn og Erdal, der dei no bur saman med mora til Vitalii Fukalov.

Frykta for dei som er igjen

No sit heile familien saman i Erdal, i huset til den 83 år gamle mora hennar, og den 73 år gamle mannen.

Familien frå Ukraina snakkar ikkje norsk, og dei er avhengige av søstra for fortelje om korleis dei siste vekene har vore for dei.

Dei har kome seg til rette i Sogn no, men minna sit framleis i. Dei tenkjer ofte på det forferdelege som no skjer i heimlandet.

FAMILIE: Natalya Koroleva Tveit (i miten) er glad for at ho har fått familien sin til landet. Likevel er ho bekymra for resten av familien sin, og venene i heimlandet. Foto: Liv EInemo Tønjum

Både dei som framleis er igjen, og dei som er på flukt. Mennene som kjemper, kvinnene som lever i frykt, og ungane som opplever ting dei kjem til å hugse for resten av livet.

– Korleis har tida vore for dikka etter at krigen begynte?

– Me har fått angst. Angst for barna, og for dei gamle, seier Vitalii Fukalov og ser ned på den fire år gamle sonen sin.

– Krig er vondt, seier han.

På spørsmålet om dei har kome seg til rette i Lærdal no, er både Vitalii Fukalo og Silvia Fukalova einige. Dei nikkar og smiler.

Søkjer asyl

Fredag reiste dei til Bergen for å registrere seg som asylsøkararar, slik at dei kan få rettigheiter i Norge, med sosial og helsehjelp. Deretter vil dei finne seg ein plass å bu, og starte livet sitt her.

KVARDAG: I heimlandet jobba Silvia Fukalov som kasserar i ein større dagligvarebutikk, medan Vitalii Fukalov har vore sjåfør i mange år. No håpar dei etterkvart at dei kan få seg jobb i Norge, og leve eit vanleg liv her. Foto: Liv Einemo Tønjum

Om dei vil vende tilbake til Ukraina etter at krigen er over, veit dei ikkje. Dei veit ikkje veit dei kor lang tid det vil ta, eller kor mykje det eventuelt vil vere å kome tilbake til.

Det dei vil, er å vere i sikkerheit. Både for sin eigen del, men mest av alt for sonen sin del.

– Kva er planen vidare?

– Leve, seier Vitalii Fukalov.

– Me vil berre leve vidare. Me vil jobbe og Maksym vil vere i barnehagen. Leve eit roleg liv, seier Silvia Fukalova.