Samtlege kommunar i Indre Sogn har teikna nye bruksavtalar med ViteMeir for dei neste tre skuleåra. Det skriv dei i ei pressemelding.

Avtalane gir rom for at alle born, frå dei eldste i barnehagane til og med 10.-klassingane, får besøke ViteMeir minst éin gong per skuleår.

– Dette er heilt avgjerande for at borna skal få sin del av samfunnsutbytet, seier formidlingsleiar ved ViteMeir, Åse Neraas.

Føreseieleg drift

Etter snart tre skuleår der borna frå kommunane i Indre Sogn har fått delteke på læringsopplegg ved senteret, har både Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal, Aurland og Vik kommune teikna nye avtalar for dei neste tre skuleåra.

– Me ser på det som ei sjølvfølgje at borna i Indre Sogn skal få bruke ViteMeir gjennom skulen sin, men me tek likevel ikkje avtalane for gitt. Derfor ser me på det at alle kommunane blir med vidare som ei tydeleg tilbakemelding på at me leverer eit tilbod som kommunane både treng og er nøgde med, seier Neraas.

Avtalen har i tillegg rom for at dei eldste borna i barnehagen får komme på besøk.

Slike langvarige avtalar med kommunane er viktige for ViteMeir av fleire årsaker. Mellom anna bidreg dei til føreseieleg drift.

Løyser transportutfordringa

Bussutgiftene er ein stor del av kostnadane ved eit besøk til ViteMeir.

– Det er derfor veldig viktig, både for ViteMeir, men ikkje minst for elevane, at me har partnarar som ser behovet for og verdien av finansiering av transporten. Det er veldig gledeleg at både Luster Sparebank og Sogn Sparebank ønskjer å halde fram med samarbeidet med ViteMeir.

Begge bankane har teikna nye partnaravtalar, som sikrar trygg reiseveg for elevane frå høvesvis Luster kommune og kommunane Årdal, Lærdal, Aurland og Vik dei neste tre skuleåra.