110 Vest kunne klokka 13:14 melde om at brannvesenet i Sogndal måtte rykke ut for å hjelpa ein katt som sat fast i eit tre.

– Katter er gode klatrarar og kjem seg som oftast ned sjølv. Denne katten har vore i treet i to døgn, skriv dei på Twitter.

Brannvesenet rykka difor ut for å prøva å få katten ned.

I 14-tida kunne dei melde på nytt at katten var komen trygt ned.