Flenjatunnelen i Aurland er stengd, det melder Vegtrafikksentralen Vest på Twitter klokka 20:03.

Årsaka til stenginga er ein lastebil som har stoppa i tunnelen.

I ei oppdatering klokka 20:10 skriv dei at bilbergar er på staden om cirka 30 minutt.

Klokka 20:47 er bilbergar kommen til staden. No er også Gudvangatunnelen stengd for å unngå stilleståande kø i tunnelen.

I ei oppdatering klokka 20:59 melder Vegtrafikksentralen at begge tunnelane er opne.