Førre veka vart over 300 sjåførar testa for promille rundt om i Sogn.

Ein førar vart teken med inn til blodprøve, og fekk beslaglagt førarkortet. Politiet opprettar sak.

Elles gav ein anna førar utslag på låg promille.

– Her vart sjåføren teken med til stasjonen for ein ny test, som gav utslag på under lovleg verdi. Dermed fekk føraren gå igjen, seier Svein Inge Harberg, politioverbetjent i Sogndal.

Utanom promillekontroll fekk politiet eit tips om ein sjåfør som køyrde i medisinpåverka tilstand i Lærdal. Politiet reiste ut og tok med sjåføren til lokal legevakt for blodprøve.

– Sjåføren erkjente ikkje straffeskuld, og det vert oppretta sak.

UP har òg hatt laserkontrollar i Sogn. Høgaste fart vart målt til 104 km/t i Stedjebergtunnelen i Sogndal.

– Her fekk sjåføren ei god bot og nokre prikkar.

Totalt vart det delt ut 15 bøter for høg fart førre veke.