Det var Eurosport som fyrst skreiv om saka.

Even Hovland spilte for Sogndal frå 2017 til 2018, då han signerte med Rosenborg. No tyder det på at han er klar for Häcken.

Eurosport skriv at Häcken synte interesse for spelaren i januar, men interessa skal ha dabba av då dei fekk vite at prislappen frå Rosenborg var på nærare fem millionar.

Trenaren til Häcken, norske Per-Mathias Høgmo, tok Hovland inn som landslagsspelar i 2015.

Hovland var tilnærma fast inventar på landslaget då Høgmo trente dei.