Østfold Energi har fått varsel om eit lovbrotsgebyr frå NVE etter at energiselskapet strypte vasstilførsla til Lærdalselva i november. Det melder NRK.

– Me har varsla eit lovbrotsgebyr fordi me meiner det er eit alvorleg brot på manøvreringsreglementet. Me er ekstra merksame på brot i dei nasjonale lakseelvene, seier Mari Hegg Gundersen, seksjonssjef i Miljøtilsynet i NVE til kanalen.

Det var ein menneskeleg feil som gjorde at elva vart nedtappa. Storleiken på gebyret er ikkje fastset.

Dette er andre gong selskapet har gjort ein slik feil i denne elva.

– Dette er sjølvsagt eit element som gjer saka meir alvorleg, seier Gundersen til NRK.