Prisane på fylkesvegferjene i heile Vestland fylke vert reduserte med 11,7 prosent frå 1. januar.

Det skriv Skyss i ei pressemelding.

Dette skjer i samband med det nye statsbudsjettet der nasjonale ferjetakstar vert sett ned med 11,7 prosent frå nyttår.

– Alle fylkesvegferjene i Vestland følgjer AutoPASS-regulativet, og ferjereiser i Vestland blir dermed billegare, skriv pressekontakt i Skyss, Ingrid Dreyer.