110 Vest meldte i dag klokka 11:29 om pipebrann i Vik, Fjordavegen. Det var synlege flammar over pipe. Brannvesenet er på staden.

– Det kom melding frå naboen om flammar oppover skorssteinen. Flammane har roa seg no, og er i ferd med å døy ut. Brannvesenet skal kontrollere staden. Det var folk i huset, og det går bra med dei. Det var god skorsstein som tåler ein liten brann, fortel Tore Fanebust vakthavande i Alarmsentralen.