Naudetatane rykker ut til ei trafikkulukke på Hemsedalsfjellet. Klokka 13:05 var politiet på veg til ulukkestaden.

Ein personbil og ein brøytebil skal vera involvert, men skadeomfanget skal framleis vera ukjent.

Ifølgje Vest politidistrikt verkar det ikkje alvorleg. Politiet melder om glatte vegar og trafikken går greitt forbi staden.

Klokka 13:48 melder politiet at dei og ambulanse er frame på staden.