Vegtrafikksentralen Vest melder klokka 20:01 på Twitter om at Onstadtunnelen i Aurland er stengd. Årsaka skal vera nedfall av betong.

Dei skriv vidare at tunnelen er stengd på ubestemt tid, då situasjonen må inspirerast før eventuell opning.

Entreprenør er varsla og er på veg.

I ei oppdatering klokka 20:15 skriv dei at entreprenør er framme om cirka 30 minutt.

Klokka 20:50 melder Vegtrafikksentralen på Twitter at tunnelen er opna for fri ferdsel.