– Eg har tenkt mykje på det etter at eg vart vaksen. Kor heldige me var som fekk ein heilt ny sjanse i Norge, seier Senea Sabanovic (31).

For mange i lokalmiljøet er ho mellom anna kjend som aktiv Ap-politikar og fylkestingsrepresentant i Vestland fylke. Ikkje alle kjenner til historia bak hennar dramatiske oppvekst.

På fylkestinget onsdag i Sogndal talte Senea om viktigheita bak å ta ekstra godt i mot nye landsmenn som kjem til regionen som følgje av Russland sin invasjon av Ukraina.

Senea veit kva ho snakkar om, ho har sjølv vore på flukt - førre gong det var ein stor-skala krig i Europa.

Halvanna år gamal - på flukt

Historia tek oss tilbake til 90-talet og borgarkrigen i det gamle Jugoslavia (91-99), som gjerne omtalast som ein rekke etniske konfliktar framfor som éin krig.

Familien til Senea kjem frå byen Mostar i Bosnia. Der braut krigen ut for fullt i april 1992, då var Senea 18 månader gamal.

– Omtrent nøyaktig like gamal som sonen min Fredrik er akkurat no, seier ho.

LITEN PÅ FLUKT: Senea var berre 18 månader gamal då krigen braut ut i april 1992. Ikkje lenge etter på måtte ho og familien forlate heimlandet. Foto: Privat

Sjølv hugsar ho ikkje så mykje av krigen og har blitt fortalt mykje i etterkant. Frå foreldra og broren Sean, som var fem år eldre. Han fekk med seg mykje.

– Eg var jo heldig sånn sett med tanke på at eg var så liten. Eg vart godt skjerma frå alle dei forferdelege inntrykka og dei grufulle hendingane som var.

Historiene har vore mange, frå familien og broren. I nesten eit halvt år levde familien i frykt, store delar i ein kjellar for å skåne seg på best mogleg måte.

– Det å høyre skot vert ein naturleg del av kvardagen din. Å høyre bombeangrep og fly som går rett over hovudet over lengre tid, det gjer noko med ein.

Kom seg til Noreg på hengande håret

I oktober same året nådde familien Kroatia, og kom seg på eit fly til Noreg. Det var rett før grensene stengde.

– Me sat oss på eit fly som kom til Fornebu klokka 23 og dei stengde grensene klokka 00, fortel ho.

MIMRAR: Senea har vorten fortald frå familien kor nære det var for at dei måtte ha blitt verande i Kroatia som dei flydde frå. Det var ikkje snakk om store marginar. Foto: Ola Skram

Nytt land, og ny sjanse. Først gjekk turen til eit asylmottak i Norheimsund. Der vart familien verande i halvanna år.

– Eg hugsar me hadde det godt og trygt. Eg hadde to gode foreldre som var opptekne av at me skulle få ein best mogleg kvardag på asylmottaket. Me hadde aktivitetar og var me på forskjellige ting som gjorde at me fekk ein kvardag som kjentest naturleg, fortel Senea.

Varme, raustleik og sakn etter foreldre

14. mars 1994 kom dagen. Familien skulle få flytte til Sogndal.

– Me vart møtt med opne armar, ein utruleg varme og rausheit. Det var ein utruleg god og trygg plass å vere. Mykje av dette med inntrykka har eg vorten gjenfortalt frå familien, men eg har jo opplevd det sjølv også. Det er eit lokalsamfunn der alle kjenner alle, ein bryr seg, og tek vare på kvarandre, seier ho.

I NORHEIMSUND: Familien frå Bosnia var nok ikkje så vande med snø, men trivdes i vinterlandet frå første stund. Frå venstre: Bror Sean, Ankica, Sead og Senea. Foto: Privat

Men det har ikkje berre vore glansdagar i bygda. For fem år har gått sidan Senea plutseleg hadde mista begge foreldra, Ankica og Sead, til kreftsjukdom. Sistnemnde gjekk bort i 2017 og var for mange kjend som ein eldsjel i og rundt Sogndal fotball.

Saknet etter dei to har tidvis vore tungt å bere, og er det framleis.

– Det er eit sakn, det er det jo, og eg har dei med meg i tankane kvar dag. Heldigvis har eg eit nært forhold til bror min og eg har ein flott familie, så det har gått seg til. Livet må gå vidare.

For saman med sambuaren Stian Øye (34) frå Ørsta har dei skapt sitt eige vesle krypinn i det lyse og fine rekkjehuset på Kjørnes i Sogndal. Sonen Fredrik gir dei mykje glede.

– Det gjer han. Det er jo heilt fantastisk eigentleg. Så det er ein veldig, veldig kjekk kvardag, seier ho.

SAMBUARAR: – Eg tenkjer jo på at ho har opplevd noko av det same, seier Stian om kjærasten sine tidlege barneår på flukt. Foto: Ola Skram

Sterke inntrykk

28 år har gått sidan ho sjølv måtte på rømmen med familien. No er det krig i Europa igjen. Bileta på TV-skjermen og på nett gjev inntrykk. Eldre, kvinner og små barn på flukt, på veg vekk frå familien deira, frå heimen deira. Det dei elskar, det dei kjenner seg til og der dei høyrer heime.

Heilt uskuldige. Og så ufatteleg meiningslaust.

– Ein kan dra parallellar til krigen me opplevde. Plutseleg vert naboane fienden. Eit folk som hadde levd samla. Det er veldig tøft å sjå, og det går jo inn på ein.

Spesielt dette med uskuldige barn gråtande over grensa...

– Ein har sett bileta av ungar som er skada, kjem åleine over grensene. Det er ting som. Det skal ikkje skje. Det er klart eg tenkjer mykje på det eg sjølv har opplevd, og så har eg ein son som er like gamalt som mange av dei ungane på flukt. Det er forferdeleg trist å sjå.

Må ta vare på dei som kjem

Tre veker inn i krigen er allereie godt over 3 millionar Ukrainarar på flukt og søkjer asyl i andre land. Mange av dei kjem hit til Sogn, berre i Sogndal kan det fort kome hundrevis av ukrainarar på kort tid - sjølv om dei først og fremst har sagt ja til 66.

Korleis kan ein best ta i mot desse krigsråka og kanskje traumatiserte flyktningane?

– Eg tenkjer noko ein ikkje har snakka så mykje om - det er å tilby spesialhelseteneste til dei som kjem. For det er barn og unge som har sett og høyrt ting som dei ikkje skal. Og det tenkjer eg, det må kanskje vere førsteprioriteten. Det å tilby dei nokon å prate med. For eg trur det å oppleve kring er kanskje noko av det verste ein kan oppleve som menneske.

– Og så har jo Sogndal svært gode tradisjonar for å ta i mot flyktningar. Eg er så glad for at me har vore ein ja-kommune til å ta i mot flyktningar. Me har ein god kompetanse som kjem godt med.

HÅP: Senea håpar Ukrainarane vert teken i mot like godt som ho og familien vart, ein gong tilbake i tida. Foto: Ola Skram

– Og sogningane sjølv, bebuarane, kva kan me gjere?

– Ein må vise omsorg, vise at ein er rause og har lyst til å hjelpe. Eg tykkjer det er så flott å sjå at kommunane mobiliserer og seier at denne dugnaden vil me vere med på. Det er flott og rørande å sjå. Det å bidra til å vere med i dei frivillige organisasjonane som er i bygda, lage aktivitetar, slik at dei får ein god kvardag vil vere viktig.

– Føler oss heime

Senea veit kvifor inkludering er så viktig. Det å bry seg, møte dei som kjem med ope sinn og ei hjelpande hand. Det var slik ho hamna der ho er no.

– Eg merka jo det berre slik som no, etter foreldra mine døde, så merkar eg at eg er så glad for at me kom til ein plass som Sogndal. Det har eg tenkt på mykje, kor letta eg er for det. Det er noko med at du har eit nettverk her, og du har vener som er familie.

– Det er her me føler oss heime.