I går tok nær familie, Jotun IL, Årdal og fotballfamilien farvel med ei ekte fotballegende. Sigmund Øren har lagt fotballskoa på hylla for godt. Han var eit viktig førebilete og inspirator for oss unggutar på 1960-talet. Og ein fotballens gentleman i ordets rette forstand. Sigmund spelte offisielle kampar i Jotun-drakta frå 1958 til 1981, heile 504 kampar i den raud-grøne Jotundrakta. Det står det stor respekt av.

I realiteten var han på A-lagstrening alt i 1956-57, for han viste alt den gongen at han hadde heilt spesiell eigenskapar, noko dei litt eldre Jotun-karane forstod fort. Og fotballen tok han med seg til langt opp i 70-åra på oldboys-treningar.

Sigmund var ein svært likandes kar, ein humørspreiar i fotballgjengen, og ein som sette standarden på trening, så vel som i kamp. Familien var viktig for Sigmund, og han var gjerne eit samlingspunkt også der.

Jotun var det suverene laget i fylket med heile 11 seriemeisterskap på rad, og Sigmund bidrog til mange av dei. Og då laget rykka opp til spel i 3. divisjon som det første laget frå Sogn og Fjordane i 1963, var det med Sigmund Øren som ein av arkitektane på eit svært godt fotballag.

– Det var ei stor ære og noko ekstra, ekstra å slå Sogndal. Men då me møtte bergenslaga, var det ein like god følelse å ta knekken på lag som Varegg, Ny-Krohnborg og Årstad, fortalde Sigmund med smilet på lur.

JOTUN: Her er Sigmund saman med Jotun sitt sterke lag kring 1963-64, dei første åra då bergenslaga, og Sogndal verkeleg fekk kjenna styrken til Jotun. B.fv Egil Moen, Johnny Midtun, Kristian Hestetun, Gudmund Hestetun, Sigmund Øren og Magnar Moen. F.fv Sigmund Luggenes, Reidar Helgesen, Ener Haugen, Anders Hestetun og Gunnar Buene. Foto: Jotun IL

For underteikna står ein kamp festa på netthinna. Sogndal-Jotun 3-4, Fosshaugane 1966. Sigmund scora eitt av måla og storspelte på midtbana. For ein 14-åring gjorde det inntrykk, så store at Sigmund vart eit førebilete og noko å sjå opp til. Å møta han nokre år seinare på bana som motstandar, var både inspirerande, men og eit møte du gjekk til med stor respekt.

Geir Navarsete flytta til Årdal og Jotun i 1976 og tok over trenaransvaret. Han la fort merke til midtbaneeleganten Øren.

– Sigmund var ein unik spelar og person. Han ville verkeleg vinna, om det så var ei lita speløving på trening. Han forlanga kvalitet og innsats, og gjekk alltid i bresjen. Positiv, men med klare meldingar ute på bana og i garderoben. Ein betre leiarskikkelse skal du leita lenge etter, fortel Jotun-spelar og trenar i perioden frå 1976 til ut på 80-talet, Geir Navarsete.

– Den beste spelaren eg har hatt som trenar. Ja, ein av dei aller beste eg har spelt mot i min fotballkarriere. Og eg har møtt mange, fortel Navarsete.

Mange hadde funne vegen til Farnes kyrkje for å følgja Sigmund Øren til den siste kvilestaden. Ein fotballens heidersmann og god ven vil bli sakna, men hugsa lenge. Mange og gode minne er godt å ta med seg. Kvil i fred, Sigmund