FORSVARER NYNORSKEN: Øystein Vangsnes jobbar ved universitetet i Tromsø, men har ei bistilling ved Høgskulen på Vestlandet. Dei siste dagane har språkprofessoren hamna i eit heftig ordskifte om nynorsk på Facebook med kjendisveterinær Trude Mostue. Foto: Pressefoto/Skjerdump frå Facebook.
Språkprofessor i nynorskkrangel med kjendisveterinær
– Det er folk som meiner eg har tatt mannen og ikkje ballen. Men eg meiner eg gjer ei sklitackling og tek både mannen og ballen, seier språkprofessoren frå Leikanger.