JAKTAR SIGER: Kan Andreas van der Spa, Martin Ove Roseth og Valdimar Ingimundarson få noko å juble for torsdag kveld?
JAKTAR SIGER: Kan Andreas van der Spa, Martin Ove Roseth og Valdimar Ingimundarson få noko å juble for torsdag kveld?

Stjørdals-Blink - Sogndal:

Sogndal slo tilbake – tok sin fyrste siger på bortebane for året

Porten oppdaterer Sogndal sin bortekamp mot Stjørdals-Blink mens den går føre seg.

Publisert Sist oppdatert
  • Stjørdals-Blink – Sogndal 1–3

Etter to strake tap mot høvesvis Start og Åsane slo Sogndal tilbake i Stjørdal. Det sørgja eitt sjølvmål og scoringar frå Peter Godly Michael og Jonathan Ingi Jonsson for.

Sistnemnde sette eit frisparkmål i krysset i annan omgang. Sigeren var Sogndal sin fyrste siger på bortebane denne sesongen.

Sogndal går dermed opp på sjetteplass på tabellen. Elles tapte serieleiar Mjøndalen 2–1 for Ranheim torsdag kveld, medan Brann, som ligg på annanplass, slo Kongsvinger 3–1 på Gjemselund.

Under kan du lese korleis Porten opplevde kampen mens den gjekk føre seg på M.U.SStadion i Stjørdal.

Livereferat:

90.speleminutt: Kampen er slutt i Stjørdal.

90.speleminutt: Lillebo er nære scoring for heimelaget, men skotet går i nettveggen.

90.speleminutt: Jonathan Ingi Jonsson går av banen og vert erstatta av Anders Nord.

90.speleminutt: Andreas Hoven reddar på streken når Foosnæs er nære ved å redusere for heimelaget. Gjestane slepp med skrekken, og det vert hjørnespark. Hjørnesparket vert ufarleg.

90.speleminutt: Fire minutt vert lagt til i Stjørdal.

89. speleminutt: Emmanuel Grønner får sine fyrste minutt i OBOS-ligaen. Kjem inn for Sondre Ørjasæter.

88.speleminutt: Blink pumpar ballen opp i Sogndal sitt straffefelt, men klarar ikkje å skape ein målsjanse. Sogndal får frispark.

86.speleminutt: Martin Lundal set ballen til side for mål etter eit hjørnespark for heimelaget.

83.speleminutt: Fji går i bakken etter ein duell med Lundal. Sogndal får frispark.

81. speleminutt: Stjørdals-Blink gjer eit spelarbyte. Mathusan Sandrakumar går ut og Karl Martin Rolstad kjem inn.

77.speleminutt: Sondre Ørjasæter visar strålande ferdigheiter med ball. Blir lagt i bakken inne i straffefeltet, men får ikkje straffespark.

74.speleminutt: Sogndal verkjer å ha relativt god kontroll på dette, eit drygt kvarter før slutt.

70.speleminutt: Så er det slutt for Michael. Kristoffer Hoven kjem inn for han.

68.speleminutt: Peter Godly Michael og Jonsson ser ut til å ha funne tonen. Fyrst finn Michael islendingen, som blir ståande åleine. Han gjev den tilbake igjen. Skotet frå spissen er ikkje godt nok, og keeper reddar.

66.speleminutt: Sondre Stokke prøver ein frekk chip over Fji. Ballen landar på nettaket.

65.speleminutt: Sogndal køyrer ein kontring etter ein stor Blink-moglegheit, der heimelaget kunne redusert. I kontringa prøver Michael å lobbe ballen over keeper. Det klarar han ikkje.

63.speleminutt: Tempoet i kampen har gått litt ned dei siste minutta.

59.speleminutt: Lillebo set ballen i mål for Stjørdals-Blink, men han er blitt avblåst for ei takling på Roseth i forkant av scoringa.

57.speleminutt: Ørjasæter får tid og rom til å sikte med eit innlegg. Han finn nesten Jonsson, men islendingen når akkurat ikkje opp til ballen. Godt gjort av Ørjasæter!

56.speleminutt: Stjørdals-Blink har ikkje vunne i OBOS-ligaen i år. Slik det ser ut no, må dei vente endå lenger før sigeren kjem.

52.speleminutt: Hjørnesparket fører ikkje til nokon farlegheiter.

51.speleminutt: Sogndal er i fin flyt nå! Michael og Ørjasæter kombinerer fint, og ballen hamnar hos Jonsson. Islendingen skaffar hjørnespark.

49.speleminutt: Det blir det også! Jonathan Ingi Jonsson set ballen i krysset! Fantastisk gjort! Sogndal leier 3-1!

48.speleminutt: Kryger skaffar frispark på snaue 20 meter. Kan bli ein god skotmoglegheit.

47.speleminutt: Ingimundarson vert takla av ein utrusande Stjørdals-Blink-keeper. Det kunne blitt ein stor sjanse om islendingen hadde nådd ballen litt tidlegare.

46.speleminutt: Kampen er i gang att!

Det er pause i Stjørdal.

45.speleminutt:; Stor sjanse for Stjørdals-Blink rett før pause. Fji må slå ein god avslutning frå Kosberg til hjørnespark! Etter hjørnesparket går eit innlegg i nettveggen. Stjørdals-Blink meiner ballen har gått via handa til Roseth, men dei får ikkje straffespark.

45.speleminutt: Begge spelarane på beina att etter å ha fått tilsyn. Tre speleminutt vert lagt til.

43.speleminutt: Kollisjon mellom Ingimundarson og Michael når Sogndal stormar framover. Begge vert liggjande etter samanstøyten. Såg ikkje godt ut.

42.speleminutt: Hjørnesparket vert aldri ordentleg farleg.

41.speleminutt: Blink jaktar utlikning umiddelbart. Kosberg skyt og skotet går til hjørnespark via Martin Ove Roseth.

40.speleminutt: Så er det scoring for Sogndal! Jonsson får ballen frå Michael. Skotet hans går via eit Stjørdals-Blink-bein og i mål! Sjølvmål frå Fredrik Vinje.

38.speleminutt: Peter Godly Michael går på eit godt løp i rom. Får ballen frå Kryger og prøver å få eit hjørnespark. Det får han ikkje, og det endar med innkast.

35.speleminutt: Midstoppar Lorentzen headar ballen til side for mål.

34.speleminutt: Heimelaget er meir med i kampen nå. Dei kombinerer fint djupt inne på Sogndal sin banehalvdel, og får til slutt corner.

32.speleminutt: Tøsse prøver seg med eit langskot. Det går langt over mål.

28.speleminutt: Sogndal sender mange folk framover i bana kvar gong dei er i angrep. Det kan vere lurt for å skape sjansar, men ein ser òg at heimelaget kan få store rom å kontre i.

24.speleminutt: Og så scorar Sondre Stokke for Stjørdals-Blink! Innlegget er nøyaktig frå Johan Kosberg, og Stokke set ballen i nettet med pannebrasken. Det er vel heimelaget sin fyrste sjanse i kampen.

21.speleminutt: Så langt har berre eitt av laga utmerkja seg offensivt i denne kampen. Det er Sogndal.

18.speleminutt: Heimelaget får ballen vekk frå farleg område etter hjørnesparket.

17.speleminutt: Jonathan Ingi Jonsson går for skotet på eit frispark frå litt over 20 meter. Keeper reddar, men det vert corner.

15.speleminutt: Sogndal held fram med å dominere i Stjørdal. Skapar fyrst ein stor sjanse som vert klarert frå Jatta og endar med hjørnespark. Hjørnespark nummer to vert ikkje like farleg.

13.speleminutt: Stjørdals-Blink går i angrep. Dei meiner dei skulle hatt hjørnespark, men får det ikkje, då dommar signaliserer for utspark frå mål.

11.speleminutt: Ny sjanse for Sogndal. Ingimundarson finn Peter Godly Michael. Spissen jaktar sitt andre mål for dagen, og prøver å plassera ballen i lengste hjørne. Keeper fangar ballen.

9.speleminutt: Mål for Sogndal! Jonsson finn Kryger, som slår eit godt innlegg til Peter Godly Michael. Spissen set ballen i mål utan store problem.

8.speleminutt: Jonsson dreg seg litt innover i bana før han slår eit godt innlegg mot Peter Godly Michael. Spissen får ikkje avslutta. Kunne blitt ein stor sjanse for gjestane.

7.speleminutt: Sogndal har hatt initiativet i denne kampen så langt. Kryger slår ein ball opp mot Ingimundarson, men pasninga er ikkje presis nok. Det blir ein femmeter.

6.speleminutt: Hjørnesparket er ikkje spesielt godt slått, og Stjørdals-Blink får reinska unna.

5.speleminutt: Ulrik Mathisen fossar framover i banen, og så skyt han. Ballen går via eit Stjørdal-Blink-bein ut til hjørnespark.

3.speleminutt: Mathias Blårud prøver å finne Sondre Ørjasæter med ein pasning på venstresida. Ballen går ut av spel og det vert utspark frå mål.

1.speleminutt: Kampen er i gang!

Sogndal er gjester på banen med namnet M.U.S Stadion når dei møter Stjørdals-Blink i OBOS-ligaen torsdag kveld.

Trønderlaget ligg sist på tabellen og har ikkje vunne ein einaste av dei sju seriekampane dei har spelt i år.

Sogndal kjem på si side frå eit 3-2-tap på heimebane mot Åsane søndag. Tore André Flo har plukka ut følgjande lag frå start (4-3-3):

Renze Jagger Fij – Axel Kryger, Andreas van der Spa, Martin Over Roseth, Andreas Hoven – Valdimar Ingimundarsson, Mathias Blårud, Ulrik Mathisen – Jonatan Ingi Jonsson, Peter Godly Michael, Sondre Ørjasæter

Spiss Kristoffer Hoven er ute av startellevaren etter å ha spelt mykje denne sesongen. start Det gjer at Sogndal har desse spelarane til disposisjon om dei vel å byte undervegs i kampen:

Daniel Gjerde Sætren, Mansour Gueye, Eirik Lereng, Kristoffer Hoven, Anders Johannessen Nord, Erik Emanuel Longe Grønner

Stjørdals-Blink stiller med desse elleve: (4-3-3)

David Paulmin – Aleksander Foosnæs, Robin Bjørnholm-Jatta, Håvard Kleven Lorentsen Mathusan Sandrakumar – Fredrik Strand Vinje – Ketil Holand, Håvard Kleven – Johann Hoseth Koseberg, Ivar Sollie, Kjetil Holand Vinje

På Stjørdals-Blink-benken sit desse spelarane:

Rasmus Semundseth Sandberg, Martin Lundal, Mats Størseth Lillebo, Vegard Fiske, Andreas Pettersen, Lars Ramstad, Jakob Rømo Skille, Ole Kristian Rødahl, Karl Martin Rolstad

Dei fire siste oppgjera mellom Sogndal og Stjørdals-Blink har vore tette, og laga står med éin siger kvar og to uavgjorte. Førre gong dei møttest var på Fosshaugane i november 2021. Då enda det 1–1 etter at Steffen Lie Skålevik scora for Sogndal.

Powered by Labrador CMS