Sogndal - Kongsvinger:

Sogndal snudde kampen etter tidleg kalddusj – har framleis ikkje tapt denne sesongen

Sogndal slo Kongsvinger på heimebane.

Publisert Sist oppdatert

Sogndal tok sin tredje siger for sesongen mot Kongsvinger måndag kveld. Dermed er dei framleis uovervunne i årets seriespel.

Det skjedde etter at Kongsvinger sjokkerte heimelaget med ein tidleg scoring etter seks minutt frå Jesper Grundt.

Sogndal slo likevel tilbake med to scoringar i fyrsteomgang frå Mathias Blårud og Andreas Hoven, der sistnemnde scora med eit flott skot. Fleire scoringar vart det ikkje, og alle poenga blei difor verande på Fosshaugane.

90.speleminutt: Seks minutt er lagt til.

89.speleminutt: Stor sjanse til Kongsvinger! Bringaker kan sette inn ein retur som Fji har gitt på eit skot, men klarar det ikkje. Der kunne Kongsvinger utlikna.

87.speleminutt: Ingimundarson blir felt på veg åleine gjennom med keeper. Ballen går vidare til Jonsson, som får ein stor sjanse til å punktere kampen, men ikkje får avslutta før ein Kongsvinger-forsvarar får forstyrra han.

84.speleminutt: Ulrik Mathisen dansar med ballen i beina igjen. Prøver å lobbe den opp til seg sjølv idet han skal passere ein Kongsvinger-forsvarar, men får det ikkje heilt til denne gongen. Publikum kosar seg med det dei ser.

81.speleminutt: Tilskodartalet vert annonsert. 1624, lyd det.

78.speleminutt: Andreas Hoven kjem i godt driv på høgresida. Prøver å finne Mathisen i midten, men keeper fangar ballen framfor han.

75.speleminutt: Dei unge Sogndal-supporterane i Juniorsvingen øver til 17. mai. Går i tog på langsida og syng Sogndal-songar.

73.speleminutt: Sogndal vinn eit hjørnespark. Etter litt luftkamp i boksen, går ballen ut til innkast for Sogndal.

72.speleminutt: Kongsvinger gjer to byter. Victor Grodås går ut, Kevin Egell-Johnsen kjem inn. Per-Magnus Steiring går òg ut og Tobias Bjørnebye kjem inn.

68.speleminutt: Det vart eit innlegg frå Jonsson i staden. Det har Kongsvinger ingen problem med å handtera.

67.speleminutt: Peter Godly Michael skaffar Sogndal frispark like utanfor Kongsvinger sin sekstenmeter. Det kjem nok eit skot no.

66.speleminutt: Nokre gonger kan det verkeleg gå troll i ord. Ikkje lenge etter at førre melding var skrive, må Nessø kaste inn handkledet. Sondre Ørjasæter kjem inn for den skada angriparen.

63.speleminutt: Nessø ser ut til å ha rista av seg smellen han fekk. Vinn tilbake ballen i gunstig posisjon, etter å ha pressa ballførar bakfrå. Det blir likevel aldri nokon målsjanse ut av trekka som kjem frå Sogndal etterpå.

61.speleminutt: Ulrik Mathisen avanserer framover med ballen i beina. Har både godt tempo og teknikk, ungguten. Vert skubba inne i feltet, men får ikkje straffespark, til stor frustrasjon for heimelaget. Det kunne nok fort vore blåst for straffespark òg.

59.speleminutt: Stor sjanse for Peter Godly Michael som legg på spring i bakrom. Kjem seg i ein god posisjon. Strömberg reddar skotforsøket. Michael er nære å nå returen på skotet, men keeperen fangar ballen i siste sekund.

58.speleminutt: Kjem faktisk inn att på bana, Nessø. Vil ikkje gje seg.

55.speleminutt: Nessø er nede for teljing etter skotet. Får tilsyn ute på banen. Røde Kors er og i aksjon med båra, no. Nessø går av bana sjølv, med litt hjelp frå Røde Kors.

54.speleminutt: Sogndal kontrar meisterleg, og ballen vart spelt hurtig ut til Andreas Nessø. Han driv framover med ball og skyt, men Strömberg reddar.

53.speleminutt: Eit skot frå Gunnarsson går i nettveggen. God Sogndal-sjanse.

52.speleminutt: Ulrik Mathisen vartar opp med ein ordentleg frekkis. Vippar ballen over Trace Murray, før han blir lagt i bakken av neste Kongsvinger-forsvarar, og får frispark.

50.speleminutt: Hjørnespark for Kongsvinger. Det vert ein kort variant, før innlegget kjem. Sogndal rensker unna og ballen går ut til innkast.

48.speleminutt: Andreas Hoven rappar til. Skotet går over mål.

46.speleminutt: Annan omgang er i gang! Spissen Peter Godly Michael kjem inn for Kristoffer Hoven.

PAUSE: Der er det pause. Sogndal hamna under tidleg, men scoringar frå innbytar Mathias Blårud og Andreas Hoven sørgjer for at Sogndal går i garderoben med leiinga.

45.speleminutt: Det vert lagt til eitt minutt i tilleggstid i det Nessø prøver å finne spissmakker Hoven med eit innlegg. Det treff ikkje angriparen.

43.speleminutt: Kongsvinger får til ein lengre sekvens med spel på Sogndal sin banehalvdel, men finn ikkje rom til å avslutte angrepet. Etter kvart får Sogndal vunne tilbake ballen. Blårud prøver å slå inn, og ballen får ein farleg retning mot lengste hjørne. Keeper fangar til slutt ballen.

40.speleminutt: Det ser ut til at det bur ein del fotball i Jonatan Jonsson. Drar seg fri frå oppassarane sine hos Kongsvinger, og snur ballen fint ut til venstre. Avsluttinga frå ulrik Mathisen er ikkje god nok til å lure Samuel Strömberg.

39.speleminutt: Det snur fort i fotball. Sogndal har heva seg betrakteleg etter ein litt sløv start.

38.speleminutt: Ingimundarson prøver seg med ein frekk chip etter framspel frå Jonsson, utan å lukkast heilt, ettersom ballen skrur vekk frå mål.

34. speleminutt: Sogndal har snudd kampen, og det er Andreas Hoven som gjer det! Får ballen etter godt forarbeid frå Gunnarsson, og smell den i nettet.

33.speleminutt: Kjemperedning frå Renze Fji! Får på ein eller annan måte lagt igjen foten, slik at skotet, som er langs bakken frå Martin Tangen Vinjor, vert stansa.

31.speleminutt: Det er Jonatan Ingi Jonsson som prøver seg på frisparket. Skotet er hardt, men går litt for høgt, sjå Sogndal-auge.

31. speleminutt: Sogndal får frispark på 20 meter. Skal skotet kome no?

30.speleminutt: Stor sjanse for Blårud til å bli tomålsscorar! Plutseleg får han ballen i ein god posisjon på venstresida og rappar til. Skotet går like utanfor stolpen.

29.speleminutt: Kristoffer Hoven med ein avslutning frå god posisjon. Skotet går over mål.

27.speleminutt: Scoringa har vekkja liv i Saftkokardn. Heiaropa og tromma går godt på stadion nå!

26.speleminutt: Så scorar Sogndal! Jonsson piskar ballen inn i feltet, og Mathias Blårud stangar den i nettet! Den avsluttinga hadde ikkje Strömberg i Kongsvinger-buret store sjansar til å stanse.

25.speleminutt: Nessø blir felt på høgresida utanfor Kongsvinger-boksen og får frispark. God innleggsposisjon.

22.speleminutt: Corneren vert piska inn, men Kongsvinger får den ut av farleg område. Sogndal vinn ballen tilbake, men den lange ballen mot Jonsson er for upresis.

22.speleminutt: Jonathan Ingi Jonsson skaffar Sogndal ein corner.

20.speleminutt: Stor sjanse for Kongsvinger, når dei speler seg inn framfor Sogndal sitt mål. Martin Tangen Vinjor får ikkje stokka beina i avslutningsforsøket, og set ballen utanfor.

19.speleminutt: Sogndal får ein kontringsmoglegheit, og grip den godt, når Nessø set fart. Ulrik Mathisen får til slutt sendt av garde eit skot, som blir blokkert. Sogndal beheld ballen, men det heile renn ut i sanden.

16.speleminutt: Det ser ut som om Ingimundarson prøver seg på eit slags innlegg for Sogndal, men det blir heller ein dårleg avslutning. Ballen dalar ned bak mål.

13.speleminutt: Per-Egil Flo går av bana med skade. Vert erstatta av Mathias Blårud.

13.speleminutt: Så er Harald Holter nære ved å dobla forspranget for gjestene. Dreg seg litt innover i bana og rappar til. Ballen går i tverrliggjaren og ut!

12.speleminutt: Kongsvinger kjem i angrep igjen. Martin Tangen Vinjor prøver seg på ein smart gjennombrotspasning til Marthinussen, men han rekk den ikkje framfor Fji.

7.speleminutt: Ein ordentleg kalddusj for Sogndal i opningsminutta, dette.

6.speleminutt: Så scorar Kongsvinger på Fosshaugane! Jesper Grundt testar skotfoten utanfor 16-meteren, og ballen susar inn i nettet.

5.speleminutt: Det blir slått langt opp mot Andreas Hoven på venstrekanten. Tanken er god, men ballen er ikkje presis nok.

4.speleminutt: Sogndal får frispark på eigen banehalvdel. Bruker sjansen til å halda litt i ball.

1.speleminutt: Frisparket blir heada bort frå farleg område, og Nessø slår ballen langt opp. Mathisen jagar den, men når den ikkje.

1.speleminutt: Kampen er i gang på Fosshaugane. Kongsvinger får eit frispark på Sogndal sin banehalvdel ganske umiddelbart.

Måndag kveld tek Sogndal imot Kongsvinger på Fosshaugane. Jonatan Ingi Jonsson sikra eitt poeng for Sogndal mot Brann då han kom inn frå benken i førre serierunde.

Han kjem inn frå start, og erstattar Sondre Ørjasæter, som ifølgje Sogn Avis er ute med sjukdom.

Sogndal stiller følgjande lag frå start:

Sogndal (4–4–2): Fij – Hordur Gunnarsson, Andreas van der Spa, Martin Ove Roseth, Per-Egil Flo – Andreas Hoven, Valdimar Ingimundarson, Ulrik Mathisen, Jonatan Jonsson – Kristoffer Hoven, Kristoffer Nessø

Desse sit på benken:

Sondre Nor Midthjell, Axel Kryger, Peter Godly Michael, Eirik Lereng, Mathias Blårud, Anders Johannessen Nord, Sondre Holmlund Ørjasæter, Kristoffer Haukås Steinset Erik Hovden Flataker,

Kongsvinger startar med dette laget:

Kongsvinger (4–3–3): August Strømberg – Trace Murray, Per-Magnus Steiring, Fredrik Holmé, Victor Grodås – Sander Marthinussen, Harald Holter, Jesper Grundt – Martin Hoel Andersen, Martin Vinjor, Mathias Bringaker

Powered by Labrador CMS