Personvernerklæring

Tilliten til brukarane er viktig for oss, og Porten AS er opptatt av å ivareta personvernet ditt. Under forklarer me korleis og kvifor me samlar inn informasjon om brukarane våre.
 
Sist oppdatert: 23.04.2018.

1. Innleiande fastsetjingar

Denne personvernerklæringen gjeld for Porten AS, org. nr. 977 051 169, og tilknytta publikasjonar og tenester.

2. Derfor lagrar me informasjon

Me lagrar informasjon av fleire grunnar:

  • For at systemet skal kunne kjenne igjen brukarane våre, for å kunne tilpasse tenestene
  • For å ha ein bekreftelse på kjøp/påmelding
  • For at brukarane våre skal kunne melde seg på arrangementa våre
  • For at annonsørane våre skal kunne nå målgruppene sine på sidene våre som ein del av finansieringsmodellen vår
  • For målretting og fjerning av annonser og redaksjonelt innhald som er relevant/irrelevante for deg
  • For å kunne sende deg oppdatert informasjon om kurs og konferansar du har meldt deg på
  • Utvikle og betre tenestene våre gjennom å forstå korleis dei blir brukt

3. Dette bruker me ikkje informasjonen til

Informasjon du gjer til oss blir kun lagra i våre system. Informasjonen blir ikkje selt videre, men vil kun nyttast til å gje deg, som brukar, meir relevant informasjon og betre tenester.

Tredjepartar (som Google Analytics, Cxense, Hotjar, Linkpulse) vil kunne hente ut IP-adresse og data basert på surfemønstra dine. Porten AS er pliktig å sjekke at desse tredjepartane behandler data i tråd med norsk regelverk.

4. Slik blir opplysningane samla inn

Anonyme opplysningar

Me registrerer anonym informasjon om kva tenester du bruker og korleis du bruker dei. I denne innsamlinga bruker me anonyme identifikatorer, så informasjonen er ikkje knytt til personlig identitet.

Til dømes kan me samle informasjon om kva redaksjonelle og kommersielle tenester og annonser du besøker. Informasjonen kan delast opp i følgande typar:

  • Teknisk informasjon og nettverkskommunikasjon
  • Informasjon om posisjon
  • Aktivitet og adferd
Teknisk informasjon og nettverkskommunikasjon

Me registrerer teknisk informasjon om einheita di, operativsystem og aktive applikasjonsr. Vidare registrerer me kva internett-tilkobling (nettverk) du nyttar.

Informasjon om posisjon

Me forbeholder oss retten til å spørre om å logge posisjonsdata. Dette vil kreve eige samtykke frå brukar per domene. IP-adresser blir logga.

Aktivitet og åtferd

Me registrerer aktivitets- og åtferdsdata for å verdiauke eksisterande og utvikle nye produkt og tenester for deg som brukar og for annonsørane våre. Opplysningar som blir lagra kan vere bruksmønster, demografiske data, kva tenester du har nytta og andre opplysningar om brukaråtferd.

Dersom du har gitt samtykke, vil opplysningane dessutan kunne danne grunnlag for å sende deg informasjon, nyheiter og tilbod fra Porten AS.

Registrering av brukerkonto

Ved registrering av brukerkonto lagrar me e-postadresser. Les brukaravtalen her.

Påmelding til kurs og konferansar

Ved påmelding til kursa og konferansane våra, vil me kun lagre den informasjonen du sjølv gjer ved påmelding.

Ved påstarta - men ikkje fullført - påmelding, vil me lagre informasjonen du gjer i påmeldingsskjemaet i 24 timar. Dette lagrar me for at du skal kunne gjennoppta ein ufullstendig ordre.

Deltaking i konkurranser

Ved deltaking i konkurranser på nettsidene våre, vil me samle inn opplysningane du fyller ut og lagre dei i seks månader. Dette blir gjort for å kontakte vinnarar og sende ut premiar.

5. Informasjon som blir lagra lokalt

Når du besøker tenestene våre, bruker me ulike teknologiar for å gjenkjenne deg som brukar. Me bruker til dømes informasjonskapslar til å lagre anonym identifikasjon lokalt i nettlesaren din. Desse blir brukt til analyseformål for å sjå kor mange unike lesarar det er som besøker domena våre, og til annonseformål. Me bruker også enkelte informasjonskapslar til å kunne anbefale saker tilpassa dine lesarvanar.

Me inkluderer også element fra Facebook, Linkedin, Twitter og Google+, som lastar sine eigne informasjonskapslar som lesarar har på desse tenestene frå før. 

6. Informasjon frå andre kjelder/ tredjepartar sin bruk av teknologien

Me kan motta informasjon frå andre kjelder som til dømes annonsenettverk, kundar, måleverktøy eller andre tredjepartar som hjelper oss eller dei med å forstå brukaraktivitet, dine preferansar eller generelt å betre tenestene me tilbyr.
Ein annonsør kan til dømes gje oss informasjon om kva som skjedde etter at du klikka på ei annonse hos oss, slik at me kan måle effekten på ei annonse og gje deg meir relevant innhold.

På tenestene våre blir det ofte levert innhald frå tredjepartar, som samarbeidspartnarar, annonsørar og eksterne tenestetilbydarar. På same måte som oss, kan desse aktørane bruke teknologien for å registrere statistikk og åtferdsdata, levere personalisert innhald og reklame, samt å levere tredjepartsfunksjonar som «deling» i sosiale media.

Kva tredjepartar som er til stades på ei gitt nettside, varierer, og for ei fullstendig og oppdatert oversikt, anbefaler me at du bruker verktøy som Ghostery eller TagExplorer. På nettsida Tagopedia finn du også oversikt over dei fleste tagene og leverandørane sine personvernerklæringar. 

7. Behandling av personopplysningar/ cookies

Personopplysningar vil bli lagra i databasen vår, behandla og publisert i samsvar med bestemmelsane i personopplysningslova, og slik det framgår nedanfor.

Sjå personopplysningslova hos Lovdata. Meir om grunnleggande personvern, sjå «Hva er en personopplysning?» hos Datatilsynet.

Når det gjeld samtykke til bruk av informasjonskapslar (cookies), blir dette regulert av ekom-loven. Meir om dette finn du også på Datatilsynets side om informasjonskapsler.

8. Behandlingsansvarleg

Personopplysningane dine vil bli behandla av Porten AS, som er behandlingsansvarleg, og IT-leverandørane våre for det formål å levere tenester og for å betre tenesta.

Me engasjerer dessutan nokon ganger andre firma for å bidra til utviklinga vår, og me kan i slike tilfelle gje desse firma dei opplysningar dei treng for å utføre dette. Personopplysningane din vil for øvrig ikkje bli utlevert til andre utan at du har gitt samtykke, eller me er rettsleg forplikte til utlevering.
Personopplysningame dine blir lagra innanfor EU/EØS-området, og iht. norsk personvernlovgjeving.

9. Registrert profildata, innsyn og retting

Opplysingane du sjølv gjer ved registrering (namn, epost, osb.) og ved redigering av denne profil, blir nytta for å levere og vidareutvikle tenesta, samt til analyse og til statistiske føremål.

Det er du sjølv som registrerer informasjonen i databasen vår.

Du har rett til å be om innsyn i kva opplysningar som er registrert om deg, og dersom dei er uriktige eller ufullstendige, kan du få dei retta, supplert eller sletta. Dette kan du gjere ved å kontakte oss iht. pkt. 16.

Du har rett til å be om å få personopplysningane dine sletta fra våre databasar. Dette går me i møte så lenge tenesta du vil slettast ifrå ikkje har særeigne krav og begrunnelsar for å ta vare på dataene dine.

Ved mistanke om grovt feilaktige opplysningar i brukarprofil kan me slette kontoen din utan nærare saksgang.

10. Slik hindrar du at informasjonskapslar blir lagra

Du kan slette informasjonskapslar fra harddisken din når som helst, men dette gjer at dei personlege innstillingane dine forsvinn.

Du kan også endre innstillingane i nettlesaren din, slik at den ikkje tillet at informasjonskapslar blir lagra på harddisken din. Dette gjer imidlertid dårligare funksjonalitet på visse nettsider, kan hindre tilgang til sider som krev innlogging og gjere at delar av innhald og enkelte funksjonar ikkje blir tilgjengelege.

For å unngå at sokalla anonyme identifikatorar blir lagra, må du deaktivere javascript i nettlesaren din. Javascript er imidlertid nødvendig for at mange grunnleggande funksjonar på nettsidene skal fungere.

Om du ønsker kontroll over kva tredjepartar som nyttar teknologien til ulike føremål, anbefaler me verktøy som Ghostery og Disconnect.

For meir informasjon om informasjonskapslar og innstillingar viser me til allaboutcookies.org.

11. Informasjon på nettstaden

Porten AS tek ikkje på seg ansvar for feil som kan førekome i annonser og anna automatisert eller redigert innhald på nettstaden.

Me tek heller ikkje ansvar for feil på nettstadene me til einkvar tid lenker til, til dømes potensielle arbeidsgjevarar sine nettstader.

12. Rettar

Opphavsrett, øvrige rettiar og innhald på Porten AS sine nettstader og tenester høyrer til Porten AS eller deira samarbeidspartnarar, og er beskytta av opphavsrettslege reglar. Det inneber m.a. også rett til å stille betingelsar for deltaking, rett til å kreve vederlag frå publikum og det til å utnytte dei økonomiske moglegheiter som tenestene og arrangementa dannar grunnlag for, herunder medierettar og rett til å inngå marknadsavtalar.

Du pliktar å respektere opphavsrett, andre sin rett til bilete og andre sitt personvern når du opprettar profil på og opptrer på Porten AS sine nettstader og tenester. Du har ikkje rett til å forsøke å omgå tenestene hjå Porten AS sine sikkerheitssystem.

Einkvar kommersiell utnytting av slike rettar er forbudt utan føregåande skriftleg avtale med rettigheitshaver. Dette gjeld både kopiering, vidareformidling og sal av informasjon, bilete, grafiske element, programkodar og tekniske løysingar.

13. Medierettar, marknadsavtaler og promotering av Porten AS sine produkt og tenester.

Porten AS eig medierettane knytt til alle konkurransar og arrangement på og i regi av nettstadene våre og andre tenester som måtte bli utvikla. Dette inneber rett til å oppta, overføre eller vidareformidle lyd, bilete, tekst o.l. via tv, radio, internett eller på annan måte.

14. Avgrensa ansvar

Porten AS tek ikkje på seg noko ansvar for eventuelle tap, kostnader eller andre konsekvensar som kan oppstå ved bruk av produkta og tenestene våre.

Me kan ikkje garantere at produkta og tenestene våre til einkvar tid er fri for virus og anna som kan trua sikkerheiten. Du er ansvarleg for å bruke og vedlikehalde antivirusprogramvare og andre beskyttelsestiltak, og å ta sikkerheitskopi av data på dine produkt. Du er vidare ansvarleg for å oppdatere tilknytta applikasjonar når det blir lansert nye versjonar.

Porten AS er ikkje ansvarleg for direkte eller indirekte tap som du eller nokon andre blir påført knytt til bruk av produkta og tenestene våre eller fordi produktet/tenesta ikkje kan nyttast som føresett.

15. Endring av vilkår

Innhaldet og tenestene på nettstaden vår, samt generelle vilkår som skildra over, vil løpande bli oppdatert ved behov og kan når som helst bli endra av Porten AS, som eig nettstaden.

16. Kontaktinformasjon

Porten AS, org. nr. 977 051 169. Tenesteytar, avtaleytar, avtalemotpart, ansvarleg redaktør og behandlingsansvarleg etter personopplysingslova er Porten AS v/ dagleg leiar.

Besøksadresse: Farnesvegen 3, 6884 Øvre Årdal
Postadresse: Postboks 92, 6882 Øvre Årdal
Telefon: 975 46 895
E-post: post@porten.no

Til toppen