GRATIS: No kan du lese alle våre artiklar heilt gratis i eit døgn
GRATIS: No kan du lese alle våre artiklar heilt gratis i eit døgn

Porten har fått ny utsjånad – les sakene våre gratis i eit heilt døgn

Har du ikkje abonnement, men er nysgjerrig på sakene våre? Då må du hive deg rundt det komande døgnet.

– Me har fått eit nytt design og vil at flest mogleg skal kome innom og sjå, seier redaktør Ola Weel Skram for Porten.no.

I samband med det pågåande plattformskiftet til Labrador vil lesarar no få fri tilgang til Porten sine saker, ut veka – utanom betalingsmur.

Spanande tider

Porten har hatt eit halvår med mykje endringar. Tidlegare i år vart redaktør Synne Haga erstatta med sogndølen Ola Weel Skram, årdølen Kristine Haglund tok over som dagleg leiar og Kyrre Fitje frå Ortnevik i Høyanger tok over rolla som Porten sin aller første vaktsjef.

Les også: Ola (29) blir ansvarleg redaktør – Kristine (28) er ny dagleg leiar

Som eit resultat av gode abonnementssal er Porten eit av dei tre raskast veksande lokalavisene i landet, prosentvis.

– Det er noko av grunnlaget for at me kan satse vidare, og få inn nye folk, seier Skram.

Porten har allereie tilsett Bjørn Sølsnæs som journalist på heiltid, og henta inn den nyutdanna journalisten Toralf Vallestad til eit vikariat. Avisa er framleis på jakt etter fleire.

Nyheit frå redaksjonen

Dette er ei nyheit om nettavisa Porten sjølv, og slik ikkje ein del av den daglege journalistikken.

Med den tidlegare plattforma til Porten har det tidvis vore trøbbel for fleire brukarar å opprette abonnement, og spesielt den siste tida har det vore problematisk å opprette ny brukar for lesarar.

LIKE FØR: Kristine Haglund kliner til og tek seg ein god slurp av kaffikoppen i forkant av lanseringa av den nye plattformen til Porten. Dei kommande dagane vil mykje ressursar gå med til tekniske endringar av sida.
LIKE FØR: Kristine Haglund kliner til og tek seg ein god slurp av kaffikoppen i forkant av lanseringa av den nye plattformen til Porten. Dei kommande dagane vil mykje ressursar gå med til tekniske endringar av sida.

– Det skuldast at me er i ein overgangsfase som gjer at ein del abonnement vert overført frå A til B. Det er sjølvsagt ikkje heldig, men det gjeld heldigvis berre for ein kort periode.

Alle får lese

I samband med overgangen passar det då perfekt, meiner Skram, å køyre eit lite stunt – slik at fleire kan få augo opp for produktet Porten no tilbyr.

– Me har jo fått ein god del tilbakemeldingar frå folk som ønskjer å lese sakene våre, men som ikkje får gjort det grunna betalingsmuren. Vel, no får dei moglegheita til å bli enda betre kjende med oss – og forhåpentlegvis vil dette gjere at fleire finn ut at dei ønskjer å lese meir av oss i tida som kjem også, seier Skram.

Powered by Labrador CMS