NYSIGNERING: Even Barka frå Medier24 skal frå 2022 vere med på å utvikle Porten vidare.
NYSIGNERING: Even Barka frå Medier24 skal frå 2022 vere med på å utvikle Porten vidare.

Even (23) vert nyheitsredaktør i Porten

Den unge og ambisiøse rogalendingen trer til i stillinga seinast 1. april, 2022.

– Eg er veldig glad for at denne tilsetjinga no er i boks. Saman veit eg at me vil opprethalde veksten som er i avisa om dagen, og at me vil gjere alt me kan for å gje både Indre og Ytre Sogn ei best mogleg lokalavis, seier Even Barka.

Journalisten kjem til jobben som nyheitsredaktør i Porten, frå stillinga som nyheitsjournalist i Medier24. Tidlegare har han og jobba for nasjonale medium som NRK og Aftenposten.

Ambisiøs og energisk

Trass den unge alderen er det ein ambisiøs journalist med mykje erfaring som kjem inn i Porten. Gjennom jobben i Medier24 har Barka allereie følgd med på utviklinga Porten har hatt den siste tida og påpeiker at dette, i samband med nettavisa sitt ønskje om å ta nye steg for å etablere seg for alvor som ein seriøs nyheitsaktør i Sogn, er noko som trigga han til å ta jobben.

– Porten er i sterk utvikling, og det dei allereie gjer i dag har imponert meg. Eg har stor tru på at avisa vil halda fram med å løfte fram alt det flotte som skjer i regionen. Samstundes vil me og sjå på kva som skjer i området med eit kritisk og ansvarleggjerande blikk, seier 23-åringen.

– Det er heilt naudsynt for at lokaldemokratiet skal fungere.

Ansvarleg redaktør Ola Skram er svært nøgd med den nye tilsetjinga og gler seg til å styre Porten vidare saman med Barka, og dagleg leiar Kristine Haglund.

– Me har sett behovet for å få inn ein person med guts, høgt energinivå og ikkje minst klare tankar og ambisjonar for vegen vidare. Barka har verkeleg utmerkja seg gjennom jobben han har gjort i M24, der han står fram som ein dyktig, effektiv og ryddig journalist. Etter mange lange og gode samtalar med han har både eg og dagleg leiar Kristine Haglund vorte veldig imponert. Me veit han vil tilføre Porten mykje nytt, og mykje bra, så det blir svært moro å sjå kva me kan utrette i lag når han kjem.

– Eg har trua på at han kan tilføre oss mykje nytt, og hjelpe oss til å vokse enda meir i 2022, seier Haglund.

POSITIV: – Barka har allereie imponert meg, så me gler oss til å få han på plass, seier Haglund.
POSITIV: – Barka har allereie imponert meg, så me gler oss til å få han på plass, seier Haglund.

Ein inn – ein ut

Skram, som vil halde fram som ansvarleg redaktør, seier at tilsetjinga skjer i samband med endringar i leiarrollene, då Kyrre Fitje trer ut av stillinga som vaktsjef og skal prøve seg i Sogn Avis frå 1. mars 2022.

– Han har tatt store steg i løpet av det siste året, og har vore med på å leggje eit grunnlag som me skal byggje vidare på. Trass den unge alderen har Fitje verkeleg imponert, men som ein ung og rastlaus sjel forstår eg godt at han ønskjer å samle opp nye erfaringar frå ein ny redaksjon, seier Skram som legg ved at Fitje naturlegvis vil verte sakna i Porten når han dreg.

Fitje sjølv er tydeleg på at han forlét avisa med stoltheit over arbeidet som har vorte gjort.

FÅR SKRYT: – Fitje skal verkeleg vere stolt over jobben han har gjort i Porten. Han har ein stor karriere framfor seg og eg gler meg til å følgje med på reisa vidare, seier Skram.
FÅR SKRYT: – Fitje skal verkeleg vere stolt over jobben han har gjort i Porten. Han har ein stor karriere framfor seg og eg gler meg til å følgje med på reisa vidare, seier Skram.

– Det er smått utruleg å sjå den vegen me har kome og stega som har vorte tatt sidan eg kom inn i Porten hausten 2020, trass ein pandemi og nesten 100 prosent utskifting av redaksjonen. Det me har fått til vil eg ta med meg vidare gjennom heile min yrkeskarriere.

I tillegg er han klar på at Porten, i lys av den nye tilsetjinga, no er i svært gode hender.

– Eg kjenner jo Barka frå tidlegare intervju, og gjennom å ha lest stoffet hans i M24. Han har handtert mange av dei vanskelegaste kjeldene ein kan tenkje seg i form av medietoppane i landet. Så kjeldepleie og hardt arbeid er to ting som han kan godt. Det er viktig også når Porten skal ta ytterlegare steg.

– At Porten er komen for å bli i medielandskapet i Sogn og Fjordane, det er eg trygg på.

Vil bli kjent med sogningane

Frå 1. mars vil det vere to journalistar som jobbar frå årdalskontoret og ein på sogndalskontoret. I tillegg vil dei to skrivande redaktørane når tida kjem pendle kvar for seg i mellom kontora, med hovudbase i Sogndal.

Barka tiltrer i jobben seinast 1. april. Han ser sterkt fram til å verte betre kjent med regionen når han flytter, og retter difor ei sterk oppmoding til lesarane til Porten.

– Kom bort og sei hei om du ser meg! Eg vil gjerne høyre meir om kva de synest er positivt og negativt med kvardagen i Sogn, eller berre for å drøsa litt om alt mellom himmel og jord.

Powered by Labrador CMS