20. august

Kino: Valerian and the City of a Thousand Planets

  • Fra: 20. august 2017 20:00
  • Til: 20. august 2017 22:20
  • Sted: LÆRDAL KINO ØYRAPLASSEN 14, 6886 LÆRDALSØYRI

Les mer (facebook.com)

Søndag 20.08. Kl. 20.00.
Sjanger: Action/Sci-Fi/Eventyr
Sensur: 9 år
Lengde: 2 t 16 min.
Kr. 80/100,-
 

Den nye eventyrlege filmen frå Luc Besson, regissøren bak The Professional, The Fifth Element og Lucy, basert på den legendariske teikneserien til Pierre Christin og Jean-Claude Mézières, som har inspirert ein heil generasjon kunstnarar, forfattarar og filmskaparar. I det 28. årtusenet har ei gruppe spesialagentar ansvaret for å oppretthalde lov og orden i alle territoria menneska har kolonisert. Valerian (Dane DeHaan) og Laureline (Cara Delevingne) får i oppdrag å reise til den fantastiske byen Alpha, ein stadig veksande kosmisk metropolis der folkeslag frå heile universet gjennom århundra har samla seg for å dele kunnskap, etterretning og kultur med kvarandre. Men noko mystisk føregår djupt inne i Alpha, mørke krefter truar den fredelege sameksistensen i Alpha. Valerian og Laureline må raskt finne og uskadeleggjere dei som truar ikkje berre Alpha, men heile framtida til universet!

Til toppen