20. oktober

Cezinando: Perfekt Tour – Meieriet

  • Fra: 20. oktober 2017 19:00
  • Til: 21. oktober 2017 02:00
  • Sted: Fjørevegen 18 A, 6856 Sogndalsfjøra

Les mer (facebook.com)

2017 har vore eit jubelår for Cezinando så langt, og tendensen ser ut til å halde fram. Etter å ha slept singlane "Håper du har plass" og "Vi er perfekt, men verden er ikke det", til strålande kritikkar – er han denne hausten klar med eit heilt nytt album og ein skikkeleg klubbturné.

Trass sin unge alder, har 21 år gamle Kristoffer Cezinando rokke å utmerkje seg på den norske hiphop-scena i fleire år allereie.

Ei samla musikkpresse og ein stadig veksande fanskare har omfamna det heilt unike musikalske universet hans. Han er ein rappar som skil seg fra mengda, både i tekst, melodi og karakter. Han blir omtala som ein sann poet, med god grunn. I konkurranse med knallsterke namn som Stein Torleif Bjella, Jenny Hval og Karpe Diem, henta han heim prisen for Årets tekstforfatter under Spellemann 2016. Der var han også nominert i kategoriene Årets urban og Årets album.

Cezinando har markera seg som ein eineståande liveartist også, og han har teke konsertgjengarar landet over med storm med dei eksplosive liveshowa sine.

Ikkje gå glipp av han når han kjem til Sogndal og Meieriet.

Til toppen