10. februar

om 18 dagar

Riksteatret: Folk og røvere i Kardemomme by

  • Fra: 10. februar 2018 17:00
  • Til: 10. februar 2018 19:00
  • Sted: Sogndal Kulturhus

Les mer (facebook.com)

  • Laurdag 10. februar 2018 kjem Riksteatret til Sogndal Kulturhus med teaterframsyninga Folk og røvere i Kardemomme by!

    Det blir fest i Kardemomme by. Og du er invitert!

    I Kardemomme by bur gamle Tobias, pølsemakaren, trikkeførar Syversen og barberar Sørensen. Tommy og tante Sofie og vesle Kamomilla. Og politimeister Bastian som aldri har lyst til å arrestere nokon. Rett utanfor byen bur det tre røvarar som heiter Kasper, Jesper og Jonatan. Dei har også lyst til å vere med.

    Har du hugsa å vaske øyra dine? Då kan du trygt ta med deg barna på Riksteatrets oppsetning av Folk og røvere i Kardemomme by - ei teaterframsyning full av energi, humor, dans og masse musikk. Du kjem til å møte ein frekk papegøye, ein talande kamel og ei løve som er glad i mjølkesjokolade. Bli med inn i verda til Egner og opplev den magiske teaterstemninga på kulturhuset der du bur. Røvarane gler seg til å helse på barna som kjem på besøk.

    Med Kim Haugen i registolen og eit ensemble fylt av unge, nye talent ønskjer vi å innlemme ein ny generasjon i den felles kulturarven vår. Ja, vi elskar Thorbjørn Egner!

    Etter framsyninga vil dei tre røvarane komma ut i vestibylen og helsa på borna!

    På scenen:
    Øyvind Boye Hansen Løvold, Mathias O’Wiidt Luppichini, Mikkel Niva, Mats Holm, Carina Furseth, Tor Ivar Hagen, Theodor Hellwig, Jan Huse, Siren Jørgensen, John Sigurd Kristensen, Morten Røhrt, Jonas Rønning, Jon Rørmark, Erik Aleksander Schjerven, Lars Helge Throndsen, Linda Tørklep og Olli Wermskog.

    Team:
    Regissør: Kim Haugen. Kostymedesigner, Scenograf: Siri Langdalen. Musikalsk ansvarlig: Ket Iren Lødemel. Koreograf: Thea Bay. Lysdesigner: Cathrine Godager

    Produsert av Riksteatret i samarbeid med Hålogaland Teater.

    Billettprisar:
    Kr. 260,- Ordinær (born, vaksne, pensjonistar og student
    Kr. 215,- Familiepris (grupperabatt ved kjøp av 4 eller fleire billettar)
    Kr. 215,- Samarbeidspartnarar (ARK, Bokklubben, Utdanningsforb., Sjukepleiarforb., Teatervenner og DNB-tilsette. Max 4 bill. pr. pers.)
    Kr. 210,- Coop-medlem (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)

    Billettar kan kjøpast her:https://pay.ebillett.no/
     
    velg_antall.php?p_id=195&ar
     
    rnr=11704&kanal=fw
    Eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

    Bedriftsrabatt på meir enn 30 / 100 billettar, eller skuleklassepris: Kontakt sogndal@kulturhus.no

    Scenekort: kjøpt billett i kiosken på kulturhuset.
Til toppen