14. september

Sognahelg 2018

  • Fra: 14. september 2018 18:00
  • Til: 16. september 2018 18:00
  • Sted: Sogndalsfjøra

Les mer (facebook.com)

SOGNAHELG 14. - 16. september 2018
Bygdafest for alle!

I år blir Sognahelg arrangert for tredje gang i regi av ulike aktørar i Sogndal. Her blir det aktivitet for små og store, så det er absolutt verdt å legge turen til Sogndal denne helga.

Sognahelg 2018 har foreløpig følgjande program:

FRIVILLIGDAGEN:
Tid: Laurdag 15. september kl. 12:00 - 15:00
Stad: Sentrumsparken

Frivilligdagen vil ha fokus på kommunen sine lag/organisasjonar og ha tilgang på scene og profesjonell lyd for unge og eldre talent som stiller med underholdning. Frivillige lag og organisasjonar vil presentera sitt arbeid med standsbord i Sentrumsparken, gjerne og med enkel aktivitet/underholdning som viser fram lagsarbeidet.
Det blir og andre aktivitetar, lags-lotteri, nokre smaksprøvar og utdeling av Frivilligprisen denne dagen.

Påmelding for lag/org til Frivilligdagen, frist 10.september til:
frivilligsentralen@sogndal.kommune.no
Ring/SMS: 992 86 017

SMILI:
Tid: Lardag 15. september
Start mosjonsklasse kl.12.00 og start aktiv klasse kl.13.00.
Stad: Start og mål i Sentrumsparken.

Mosjonsløpet for alle!
SMILI er eit mosjonsløp som er 10 km. Det er lagt opp til at folk kan velje 5 km eller 10 km da det er ei rundløype på 5 km i Sogndal sentrum. Påmelding til smili@sogndalidrettslag.no

Laurdag 15/9 utdeling av startnummer og registrering frå kl. 11.00 i sentrumsparken. Mosjonsklassen utan tid startar kl. 12.00 og konkurranse klassen startar kl. 13.00.
Me oppfordrar born, vaksne og eldre vaksne til å delta. Lite eller godt trent, nedsatt funksjonsevne skal ikkje bety noko. Har du lyst har du lov.

Påmeldingsavgift som inkludera lisens er kr 100,- for mosjon og kr 200,- for konkurranse.
Bli med og ta med deg naboen til ein folkefest!

FRYDENBØ FAMILIEDAG:
Tid: Søndag 16. september kl. 14:00 - 17:30
Stad: Sognahallen

Ta med familien og bli med på ein dag fullspekka med ulike aktivitetar i Sognahallen!

I forkant av kampen mot Ull/Kisa arrangera Sogndal Fotball Frydenbø Familiedag i Sognahallen. Prøv presisjonen og ferdigheitene mot våre A-lagsspelarar. Delta på fotballdart, straffekonk, dribleløype, spel, mm. I tillegg blir det aktivitetar som klatring, mini-skihopp, teikning og andre gøyale aktivitetar.

Bilutstilling
Frydenbø syner fram sine flotte seriar av Volvo og Nissan. Her er det noko for både store og små.

Lerumvogna er på plass og her blir det sal av pølser, vafler, Stao no pao drikk og lerumsaft.

Inngang: gyldig kampbillett (Fam.pk: min. 3 billettar á kr. 100,-)
Kjøp billettar her: https://sogndalfotball.ticketco.events/no/nb/e/kamp_12

OBOS-SERIEKAMP:
Tid: Søndag 16. september kl. 18:00
Stad: Fosshaugane Campus

Helsing Sogndal Fotball, Sogndal Kulturhus, Sogndal Handel og Service, Amfi Sogningen, Sogndal Frivilligsentral, Sogndal Idrettslag og mange andre engasjerte medhjelparar.

Til toppen