30. september

Olav Stedje m/ band

  • Fra: 30. september 2018 19:00
  • Til: 30. september 2018 22:30
  • Sted: Kulturhuset

Les mer (facebook.com)

Søndag 30. september kjem Olav Stedje heim til Sogndal og held konsert i Storsalen saman med musikarar frå Lava.
Det blir to konsertar, kl. 19:00 og kl. 21:00.

”Ta meg med”, ”Vi vandrar saman”, ”E-18”, "Ein nordmann sin draum". Songane treff deg framleis midt i hjartet når du høyre dei. Og når du nynnar med ser du smilet og barten til Olav Stedje - verdas mest sjarmerande sogning.

Etter 37 år med konsertar over heile Norge, 13 album og fleire Spellemannsprisar, legg Olav Stedje og hans band ut på Vestlandsturne. Frå 26. til 30 september 2018 stoppar han denne gong i Førde, Voss, Haugesund, Bergen og Sogndal.

Olav Stedje har hatt ein utroleg stayerevne. Og songgleda, kvalitet og ærlegdomen er ikkje blitt mindre med åra. Han er audmjuk over eigen suksess og lar seg framleis glede over allsong og tårer når konsertpublikum blir reve med.

Med ”Ta meg med” og alle dei andre flotte songane han er kjend for, kjem Olav Stedje med sitt 5-manns sterke band, nok ein gong til å glede både gamle og nye fans.


Stad: Storesalen, Sogndal Kulturhus
Dato: Søndag 30. september
Tid: kl. 19:00 og kl. 21:00
Speletid: Omlag 1,5 time.

Billettpris: kr. 395,-

Billettar kan kjøpast her: https://pay.ebillett.no/velg_antall.php?p_id=195&arrnr=14229&kanal=fw
Eller i kiosken på Kulturhuset.

Følgjekort? eller rullestol? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.

Billettar kan reserverast i inntil 3 dagar. Ta kontakt med kiosken tlf. 57673300 på kveldstid.

Til toppen