15. mars

Sjøen om vinteren - ein litterær konsert

  • Fra: 15. mars 2019 19:00
  • Til: 15. mars 2019 21:00
  • Sted: Tya bakeri og kafè

Sjøen om vinteren er ein produksjon som er utvikla av Rom for ord med støtte frå Nasjonalbiblioteket. Den litterære konserten byggjer på den tredje og kritikarroste romanen til Sivert Nesbø, ved same namn. I denne førestillinga let Nesbø teksten møte musikken til Erik Andreas Røkland.

– Det er ikkje så vanleg å lese opp lengre strekk frå romanar, i alle høve ikkje saman med musikk, seier Nesbø. Men Røkland sine lydbilete står svært godt til uttrykket i boka. Samstundes utvidar musikken rommet for romanen, gjer det vidare og opnar kanskje for nye måtar å sjå romanhendingane og stemningane på.

Røkland sitt uttrykk er organisk og samansett og byggjer på elektronikk og tangentar, samt gitar.

– Eg ser fram til å lese til Røkland sin musikk. Eg har lenge hatt lyst til å skape eit samuttrykk mellom litteratur, musikk og klang, og Røkland var den første eg tenkte på i så måte. Eg tykkjer lynnet og spelemåten hans høver til stemninga i boka.

Boka handlar om tolv år gamle Eli, som gradvis erfarer ei djupare forståing av tilværet. I løpet av nokre månader, frå sommar til sein haust, spelast relasjonen mellom Eli og dei som omgjev henne ut, og i særleg grad forholdet til faren. Sjøen om vinteren er ein roman om den ungdomelege erkjenninga av kor skøyre grensene i livet er, mellom det som er og det som kanskje ikkje lenger kan vere.

– Det er ei ny utfordring for meg å lage musikk live til tekst som vert lese opp, seier Røkland. Det må skje noko dynamisk mellom musikk og tekst, slik at samspelet blir ei hending. Det mest spanande vert å gje motstand på den rette måten. Nesbø sine tekstar har samstundes ei sterk sanselegheit og ei varheit i blikket på omgjevnadane som eg ser fram til å nærme meg.

Den litterære konserten vert arrangert i samarbeid med lokale bibliotek og kommunar i Sunnfjord og Sogn.

Til toppen