7. mai

om 13 dagar

Marta Nordheim presenterer litterære tendenser i samtida

  • Fra: 7. mai 2019 19:00
  • Til: 7. mai 2019 21:00
Norheim har sidan 1987 vore tilsett i NRK. Ho har arbeidd med kulturstoff i radio og fjernsyn, i program som Kulturoperatørene og Askeladden. Etter kvart har ho spesialisert seg innanfor litteraturfeltet i programma Kritikartorget, Boktilsynet, Bok i P2 og P2-lyttarane sin romanpris.
 
Norheim gav i 2007 ut boka "Røff guide til samtidslitteraturen". Her kombinerer ho nærlesing av einskildtekstar med stort oversyn over trendar og tendensar i det skjønnlitterære feltet i Noreg, representert ved forfattarar som debuterte mellom 1990 og 2005. Forma er engasjert og prega av journalistiske spissformuleringar, når Norheim til dømes kallar samtidstrendar for «Kunsten å overleva barndommen», «Kva er ein mann?» eller «Dirty re(gion)alism».
 
I 2002 vart Norheim tildelt den prestisjetunge kritikarprisen i kategorien Årets kritikar, og i 2009 fekk ho Olav Dalgards kritikarpris.
Til toppen