27. juni

om 7 dagar

Sommarkonsert i Årdal kyrkje

  • Fra: 27. juni 2019 19:00
  • Til: 27. juni 2019 20:00
  • Sted: Årdal kyrkje

Velkommen til sommarkonsert i Årdal kyrkje. 

"Ein sommardraum"

Medverkande: Freek Ypma - piano og orgel, Gabriella Papp - fiolin, Vibeke Vigdal Øren - song, Helga Farestveit - song. 

Konserten er eit samarbeid mellom nedre Årdal sokneråd, kantor Freek Ypma og musikarane. 

Inngang: kr. 150,-, born gratis.

Om det musikalske programmet: Me ynsker å ta deg med på ei musikalsk reise, der tanker og kjensler vil få vandre fritt. Me er sær glade for å ha med oss, heilt ifrå Budapest, Gabriella Papp på fiolin. Med spennande melodiar frå sitt heimland vil Gabriella bidra til ei eksotisk og vakker oppleving i kyrkja. Publikum kan vente seg nasjonalromantikk og folketoner, ung kjærleik og lidenskap. Helga og Vibeke er på ny klare for å synge seg inn i hjartene til publikum. Freek vil fylgje dei med fargerike tonane på klaver, men vil også spille eit solostyke på orglet. 

Me ser fram til å drøyme oss burt ilag med deg, denne lyse junikvelden.

Til toppen