1. august

Kommuneval i Årdal - alt du treng å veta

  • Fra: 1. august 2019 14:00
  • Til: 9. september 2019 14:11

Valdagen for Kommune- og fylkestingvalet er måndag 9. september 2019. Då kan du røyste på kva parti og kva politikarar som skal styre i kommunen du bur i dei neste fire åra. Du må stå i manntalet for å kunne røyste. Sjå meir info om årets røysting

Tidlegrøysting
Tidlegrøysting vert gjennomført i perioden 1. juli til og med 9. august. Dette er eit tilbod for dei som ikkje har høve til å røyste på valting eller i ordinær førehandsrøystingsperiode. Røystestad er tenestetorget, rådhuset og det må avtalast tid på førehand for slik røysting. Opningstid for tidlegrøysting er kl. 08.00 – 14.30. Ring 57 66 50 00 for å avtale tid.

Førehandsrøysting
Måndag 12. august startar den ordinære førehandsrøystinga. Du kan røyste på førehand heilt fram til og med 6. september. Førehandsrøyste kan du gjere kvar som helst i heile landet i førehandsrøysteperioden.  I veke 36 kan du førehandsrøyste på desse plassane i Årdal:

Tenestetorget rådhuset – måndag, onsdag, torsdag, fredag kl. 08.00 – 15.00 og tysdag 3. september kl. 08.00 – 18.00.
Årdal bu- og omsorgssenter (ÅBO) – onsdag 4. september kl. 10.00 – 15.00. 
Årdal sjukheim – torsdag 5. september kl. 10.30 – 12.00. 
Seimsdal sjukeheim – torsdag 5. september kl. 12.30 – 14.00. 

Ta gjerne med valkortet, men hugs legitimasjon.
 
Heimerøysting
Veljarar som har behov for det, kan be kommunen om å få røyste heimanfrå. Valmedarbeidarar kjem da heim til deg med naudsynt utstyr sånn at du får røyste til valet. Ta kontakt med kommunen seinast 3. september kl. 12.00 på tlf 57665000 for å avtale.
Til toppen