27. august

Næringspolitisk valdebatt

  • Fra: 27. august 2019 18:00
  • Til: 27. august 2019 20:30
Stad: Årdal Kulturhus
Tid: Tysdag 27. august kl. 18.00-20.30
Ordstyrar: Rolf Sanne-Gundersen 
Arrangør: Årdal Næringssamskipnad, Kjelde AS 
 

Årdal Næringssamskipnad inviterer alle som ynskjer å delta på næringspolitisk valdebatt til Årdal Kulturhus 27. august. Vi prøver igjen etter god deltaking og gode tilbakemeldingar frå arrangementet i 2015. 

Denne gongen vil fokuset vere sterkare på kva næringslivet i Årdal er opptekne av. Vi har fått 4 leiarar frå våre medlemsbedrifter og frå ulike bransjar til å gi sine innspel. Dei vil gi betraktningar på kva som er viktig for deira bedrift og bransje for å utvikle seg vidare, og som politikarane kan påverke. Dette er: 

  • Wench Eldegard - industri 
  • Rolf Ole Kleiven - bygg og anlegg 
  • Torunn Laberg - reiseliv 
  • Line Moen - handel

Basert på innspel frå desse og andre tema vil Rolf Sanne-Gundersen leia debatten som for 4 år sidan, der ein får drøfta ulike tema og kvar dei ulike partia står i desse sakene. Det vil bli opna for spørsmål frå salen i løpet av debatten. Rolf har lang erfaring som journalist frå ulike mediehus og har tidlegare vore redaktør i NRK Sogn og Fjordane. I dag er han næringssjef i nye Sunnfjord kommune og kjenner næringslivet i fylket godt. 

Møt opp, det er ope for alle. Servering av kaffi i pausen.
 

Buss Årdalstangen-Øvre Årdal

  • Avgang - 17.20 Sentrum Årdalstangen (rutebuss)
  • Avgang - 20.50 Sentrum Øvre Årdal (gratis buss)
 
For meir informasjon, kontakt: 
Harald Husabø, 
Årdal Næringssamskipnad 
Mob. 950 28 150 
 

Vel møtt! 

Til toppen