18. oktober

Nynorske litteraturdagar 2019

  • Fra: 18. oktober 2019 15:50
  • Til: 20. oktober 2019 15:42
  • Sted: Fretheim hotell

Les mer (nynorskelitteraturdagar.no)

Forfattarbesøk på skulen:

Onsdag 16.oktober - Malin Hellebø
Fredag 18.oktober - Asbjørn Rydland

Fredag 18.oktober:


19.00 Opningsarrangement (150,-)
Smakebitar frå programmet med noko attåt!


20.00 Bokpresentasjon (200,-)
Gunnar Garfors har reist jorda rundt og besøkt alle
land - fleire gonger! Bli med!


21.00 Forestilling (300,-)
Patti Smith på nynorsk - Brit Bildøen m/fl
dette kan du ikkje gå glipp av!


22.30 Konsert (350,-)
Stein Torleif Bjella kjem med gitaren og eit herleg
utval av sine låtar, det går også rykte om ei slags
loddtrekning - velkomen!


Laurdag 19.oktober:


09.00 Poesiyoga - den beste starten på dagen!


11.00 Bokpresentasjon (200,-)
Sigri Sandberg ”Mørke” -aktuell og viktig bok om
frykt og fascinasjon for det naturlege mørket, men
også om lysforureining!


12.00 Litterær samtale (200,-)
Brit Bildøen - ein av våre fremste samtidsforfattarar
i samtale med Torunn L. Todal. Ho fekk Nynorsk
litteraturpris for ”Tre vegar til havet” i 2018.


13.00 Forestilling (SoFt) (150,-)
Kyrre Eikås Ottersen ”Vinje - vår mann”

14.00 Bokbad (200,-)
Lars Svisdal sin roman ”Seg til inkjes” er tema i samtale med
Torunn L. Todal


15.00 Familiekonsert (enkelt bill 100,- / fam bill 300,-)
Good Time Charlie - full fres for små og store! Du kan bli med å
synge og danse så mykje du vil - hurra!


15.00 Bokbad (200,-)
Åsmund Husabø har fått mykje god merksemd for debutromanen
”Håkon”. Me møter han i samtale med Torunn L. Todal

Kveldsprogrammet - alt på ein billett! (750,-):


Me inviterer til ein laurdagskveld fylt med variert
program for både kropp og sjel. Me vonar du blir med!
18.30 Velkomst - leskande!


19.00 Anne Gunn Halvorsen ”Stress”
- eit underhaldande bilete av tida me lever i!


20.00 Tapas - med mykje godt!


21.30 Torbjørn Ljones - ”Kvitanesen” byr på gode historiar med
glimt i auga og snert i replikken!


23.00 Good Time Charlie - drivande god blues du kan svinge
deg til!


Søndag 20.oktober:


09.00 Poesiyoga - den beste starten på dagen!


11.00 ”Kva er livsglede?” foredrag (150,-)
Svein Indrelid om livsglede før og no og litt imellom!


12.00 Bokpresentasjon (150,-)
Haakon Skjerdal i samtale med Johs B. Thue om boka
”Draumar og røyndom under Blåskavlen”


13.00 Forestilling (SoFt) (150.-)
Kyrre Eikås Ottersen ”Vinje - vår mann”


15.00 Ynskjekonsert (300,-)
Nynorske songar i Vangen kyrkje. Lokale krefter med gjester.
Her blir det mykje flott å høyre!
Musikkprosjektet ”Stilige Dan”, som har sett nynorske tekstar
til musikken til bandet ”Steely Dan”, kan du høyre to gonger i
løpet av helga!


BILLETTAR FINN DU PÅ WWW.TICKETCO.NO
Meir om programmet: www.nynorskelitteraturdagar.no
og på facebook. VELKOMEN!

Til toppen