30. september

Astroshow med Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard

  • Fra: 30. september 2019 19:00
  • Til: 30. september 2019 21:00
  • Sted: Kultursalen i Årdal kulturhus

Om 100–150 år blir dei første menneska – barn, ungdommar og vaksne – sendt til eit anna solsystem. Korleis vil romskipet sjå ut, og
korleis vil ei slik reise opplevast for dei som dreg på ei så lang ferd?

Førestillinga «Out of Space» bygger delvis på spenningstrilogien Ad Astra (realistisk science fiction for ungdom og vaksne) der Sanner og Ødegaard beskriv nett ei slik framtidig reise til jorda si nabostjerne Proxima Centauri.

Etter førestillinga blir det mulig å få signerte bøker av trilogien, andre bøker om verdsrommet, filmen «Vårt Magiske Univers», samt kjenne på ekte steinar frå rommet.

Astroshowet er eit multimedieshow med fantastiske bileter, filmar, animasjonar og musikkvideoar. Det for alle interesserte og nysgjerrige frå ca. 9-10 år til vaksne i alle aldrar. Velkomen til eit astroshow spekka med nyttig og fascinerande kunnskap!


Gratis inngang.

Til toppen